Storfesatsinga

40 mjølkekyr boltrar seg på meir enn 50 daa dyrka beite hjå Malvin Hebnes.

 

Storfesatsinga i Rogaland inviterte til beitekveld hjå Malvin Hebnes på Myklebust i Sola kommune. Tema var robotmjølking og erfaring med beite på dyrka mark.

 

Jane Brit Sande

Samlinga var ikkje den fyrste i sitt slag, då det er arrangert fleire samlingar med forskjellige tema, spreidd i forskjellige deler av fylket.
Satsingsprosjekt
–    Dette prosjektet er eit initiativ som blei sett i gong no i 2014. Tanken bak prosjektet er tatt med utgangspunkt i den strukturelle underdekninga av storfekjøt i marknaden, forklara Aart Magnussen, prosjektansvarleg frå landbruksavdelinga, Fylkesmannen i Rogaland.
Erfaringar frå liknande prosjekt med gode resultat, der målet har vore å auke sauehaldet i fylket, har gitt ideen til storfeprosjektet.
–    Me ynskjer hjelpe bøndene med faglege råd, og slakteria bidreg med sine kompetansepersonar på dette. Det kan vere hjelp til å sette opp ein driftsplan, fôringsplan, eller byggeteikningar. Me ynskjer bruka kunnskap til å betra forholda, slik at produksjonen aukar, fortel Magnussen.
–    Men rådgjeving kostar, og derfor er det sett av midlar i prosjektet til å dekka slike rådgjevingskostnadar, held han fram.

Beitebruk

–    Eg startar beitesesongen med eit beite på 40 daa, og etter fyrste slåtten opnar eg opp til eit stykke på om lag 16 daa, slik at kyrne då har 56 daa disponibelt beite, fortelde Malvin Hebnes.
Vidare forklara han at dyra går fritt inn og ut av fjøset, men at han i periodar held dei inne om natta. Kyrne går inn og mjølkar av seg sjølv, utan styring, men det er berre i mjølkeroboten dei får kraftfôr.

Denne teksten er eit utdrag, og heile får du lese i Bondevennen 37.