Start med gs-test: Med ein gs-test i botn og langsiktig planlegging kan du i større grad enn nokon gong styre mjølkeproduksjonen akkurat dit du vil. Det kan gi kroner i lommeboka for dei som ser moglegheitene. Foto: Istock

Med ein god avlsplan kan du i større grad enn nokon gong skreddarsy eit produksjonsopplegg for mjølkeproduksjonen og auke innteninga på garden.

Liv Kristin Sola

Avl på mjølkekyr er ikkje det det eingong var. RedX og SpermVital, eller kjønnsseparert og langtidshaldbar sæd om du vil – og embryo. Det er berre å velje frå øvste hylle.
Mange kastar seg over dei ulike tilboda etter kvart som dei vert lansert. Stadig fleire bønder inseminerer sjølve, og endå fleire kjøper eigen sæddunk. Andre er meir enn nøgde med å halde fram med tradisjonell sæd og ein standart avlsplan. Somme meiner dosane har blitt for kostbare og held seg til tilbodsoksane.
Oksane vert ikkje lenger avkomstgranska, berre gs-testa. Ein gs-test gir eksakt informasjon om dei ulike eigenskapane. For det er nemleg slik at ingen av oss, korkje folk eller fe, er like mykje i slekt med begge våre foreldre. Somme arvar det beste frå begge sider, andre er mindre heldige.
I dette landskapet skal bonden planlegge avl og sikre avlsframgang i eigen buskap. Geno har lansert eit nytt avlsplanleggingsprogram og Tine har spissa sine avlsrådgivarar for å rådgi bonden i arbeidet.

Svein Egil Skartveit

Gs-test er grunnlaget

For korleis kan du manøvrere i dette landskapet utan å få for lite kviger, men heller ikkje for mange. Bondevennen spurde Svein Egil Skartveit, rådgivar og fagleiar avl i Tine, om tips.

– Første bod for å få ein god avlsplan er å gs-teste heile buskapen, alle kyr og kviger. Slik kan me utjamne dei svake eigenskapane heilt frå første kalven seier Skartveit.

Ein gs-test gir rett informasjon om eigenskapane til kvart enkelt dyr. Når eigenskapane er kjent vel planen den oksen som passar best til kvar ku og kvige. Utan informasjon frå ein gs-test blir val av okse basert på slektskap.
Skartveit sitt råd er å lage ny avlsplan ved kvart okseuttak. Legg inn dei dyra som skal ha RedX og kjøtfe, og la programmet styre resten, er rådet. Bruk flest mogleg oksar, men vel vekk dei som har låge verdiar for eigenskapar du ikkje ønsker å avle på. Og motsett. Til dømes har ikkje alle mål om høgast mogleg avdrått. Då kan du velje vekk dei oksane som har høgast avlsverdi for mjølk.

– Vel ein, maks to eigenskapar dersom du vel vekk oksar, slik at du ikkje sit att med for få oksar å velje mellom, seier rådgivaren.

Mange ser også etter type dyr og ønsker kyr med mjølkepreg; djupe i vomma og ein litt skarpere type, og vel vekk kjøtsette oksar.

RedX på kviger

Kva som er best tilpassing er opp til kvar enkelt. Ifølgje Skartveit er det somme som vel å bruke RedX på dei aller fleste kvigene og ein tredjedel kjøtfe totalt i buskapen. Meir vanleg er det å bruke RedX på dei beste kvigene, vanleg NRF-sæd på dei beste kyrne, og kjøtfe på resten. Gjerne tjue prosent RedX og tjuefem prosent kjøtfe.
Kva som er gode og dårlege dyr handlar om avlsverdi og kunnskap frå gs-testen. Har du først teke testen, så bruk den.

– Opplever du likevel store avvik, at kua til dømes mjølker meir enn gs-verdien tilseier, så avlar du sjølvsagt vidare på kua, men i praksis er det avlsverdien som ligg til grunn, seier han.

Skartveit refererer til amerikanske studiar av holstein, som viser ein klar tendens til at kviger som kalvar kvigekalv har høgare avdrått og lenger levetid enn kviger som kalvar inn med oksekalv.

– Ein kvigekalv er som regel mindre og gir lettare og mindre energikrevjande kalvingar enn ein oksekalv. Då kan det vere ein fordel med RedX på kvigene, seier Skartveit.

Fire avlsplanar i året

Bruker du mykje RedX bør du balansere med ein del kjøtfe for å unngå å få overskot av kviger. Får du kvige etter kjøtfekryssingar er det ingen grunn til uro.

– Mange snakkar om slaktevekter opp mot 250-280 kilo og O+ i klasse, på 18-22 månadar gamle kryssingskviger, slakta rett frå beite, seier Skartveit.

Enkelte bønder vel å inseminere kryssingskviga og få ein kjøtfekalv. Kalvar ho i sommarhalvåret kan du få med både beitetilskot og ammekutilskot.

– Ikkje ver redd for å ende opp med for mykje kjøtfe. Det kan du redde inn att ved å bruke embryo på ei kjøtfekryssing og få ein topp mjølkekalv, seier Skartveit.

Første bod for å få ein god avlsplan er å gs-teste heile buskapen, alle kyr og kviger.

Framtida for kombikua

NRF er løfta fram som klimakua som produserer både mjølk og kjøt. Med dei moglegheiter og kombinasjonar som no finst, er det eit spørsmål om det held stikk i framtida.

– For mange vil det vere ein fordel å få fram gode mjølkekyr og kombinere det med kjøtfekryssingar for å optimalisere produksjonen. Ein kjøtsett NRF-okse blir litt som ein hybrid. Du kan ende opp med ei stor ku som mjølker lite, eller ein okse med mjølkepreg.

– Vil NRF også måtte reindyrke mjølkekua i større grad?

– I mange delar av landet er kombikua framleis det beste alternativet. Spesielt i mindre besetningar og i områder med distriktstilskot, meiner Skartveit.

Avlsplanen blir ein produksjonsplan

Med meir strategisk planlegging kan bonden klare å nyte godt av kjøtprisane om våren og høg mjølkepris om sommaren. Ved å bruke RedX på kvigene frå juni til september, og kjøtfe på kyr frå jul til påske vil du garantert auke innteninga. Kviger som kalvar kvigekalvar om våren vil gi meir sommarmjølk både på kort og lang sikt. Medan kalvane som er fødde om hausten kan slaktast om våren når kjøtprisane er på topp.

– Då har du lagt ein god strategi, seier rådgivaren.

– Du kan ende opp med for konsentrert kalving?

– Det jamnar seg ut. Erfaring viser at kyrne senker seg. Alternativt kan du dele flokken i to og ha to kalvingsperiodar, seier Skartveit, og oppmodar til utradisjonell tenking kring avl og produksjon.

– Med dagens verktøy har me fantastiske moglegheiter til å planlegge produksjonen gjennom ein god avlsstrategi. Men du må finne rett strategi for di drift, tenke langsiktig og halde deg til planen. Det går tre år frå du lagar plan til kvigekalven kjem i produksjon, seier Skartveit.

Som rådgivar ser Skartveit føre seg eit godt samarbeid mellom rådgivar og bonde og blir engasjert av tanken på bidra til auka inntening for bonden.

– Om bonden lukkast med å produsere meir sommarmjølk og levere meir kjøt når slakteria treng det, er det først og fremst eit løft for økonomien på bruket. På lengre sikt vil heile næringa tene på det, seier Skartveit.

Lengre laktasjonar?

Eit mål med avlsarbeidet er å auke talet på laktasjonar, ikkje å oppretthalde den høge utrangeringsprosenten og låge snittalderen som pregar norsk mjølkeproduksjon i dag.
Avl for høg yting og ei flat laktasjonskurve gir resultat. Enkelte kyr har så høg yting at dei er krevjande å sine av. Samstundes veit me at den største påkjenninga for ei ku er avsining og kalving.

– Er det gitt at ein kalv i året er den beste tilpassinga, eller kan produksjonskapasiteten til ei høgtytande mjølkeku blitt betre utnytta om ho fekk lengre laktasjonar?

– Det er ein interessant tanke, men kalven har også ein stor verdi i norsk mjølkeproduksjon, så dette blir eit reknestykke. Samstundes er me nok litt opphengt i tradisjonar og kan hende litt skeptisk til å tenke utanfor boksen, seier Skartveit.

I tillegg høyrer han om bønder som får avkorta produksjonstilskotet på grunn av kravet om at kyr skal kalve minst kvar femtande månad.

– Det blir heilt håplaust om regelverk setter ein stoppar for å tenke nytt. Når kyr står i full produksjon, men ikkje får produksjonstillegg då skurrar det hjå meg, seier Skartveit.

Stikkord denne saka: , ,