– Ungdommane skal kjenne seg velkomne til Agrovisjon, seier Marianne Osmundsen.
Unge bønder-kurset og den multi-aktive ungdomsstanden til Rogaland Bygdeungdomslag
og Jæren Young Cowboys er blant tilboda som skal freiste unge til å besøkje messa.
Mekanisk okseriding og quiz, melkespannhalding og sumo-bryting. Jæren Young Cowboys og Rogaland Bygdeungdomslag stiller med eigen stand på årets Agrovisjon.
Sjur Håland, Bondevennen
– Sannsynlegvis den livlegaste standen på heile Agrovisjon, smiler Marianne Osmundsen, som representerer Rogaland Bondelag og Samarbeidsrådet for landbruksorganisasjonane i Rogaland. Ho er for tida hektisk oppteken med å få alt på plass før arrangementet går av stabelen i tida 11.-13. oktober. Marianne Osmundsen er sekretær for styret i Agrovisjon – og ho har jobba saman med styreleiar Olav Røysland og resten av styret for å få på plass eit attraktivt tilbod til dei unge som besøkjer messa.
– Det blir sprekt, lovar Osmundsen. Innspurten fram mot arrangementet er i gang. Detaljane er viktige for at folk skal stanse opp ved standen og få ei kjekk oppleving. Beachflag, roll-up, visittkort og t-skjorter skal bestillast. No er dei siste brikkane i ferd med å falle på plass i høve til planlegginga.
– Me har fått stadfesta at både Tveit vidaregåande skule og Tomb fagskole også vil delta på standen.
– Det blir breidde, takhøgd og lite stillstand på standen, fortel Marianne entusiastisk. Merkevarebygging og rekruttering er målet for både Jæren Young cowboys og Rogaland Bygdeungdomslag, RBU, sitt engasjement på Agrovisjon. RBU blir ekstra synlege på fredagskvelden.
– Swingframsyninga på bondepuben blir garantert eit høgdepunkt, lover Marianne Osmundsen.
Kurs og pub
Agrovisjon byr på meir. Det årvisse Unge bønder-kurset blir arrangert samstundes med, og på same staden, som Agrovisjon.
– Dei siste åra har kursa vore fullteikna – med om lag 45 deltakarar. Mykje tyder på at det same vil skje i år, sjølv om det no er nokre ledige plassar. Kurset er skreddersydd til unge som snart skal ta over garden – eller nettopp har tatt over.
– Her blir det ikkje anten eller, men både og, understrekar Marianne Osmundsen. Blir du med på kurset på fredagen og laurdagen, får du god tid til å besøkje messa – og, ikkje minst, den viktige møteplassen, bondepuben, på fredagskvelden, avsluttar Marianne Osmundsen.
Alt om Agrovisjon finn du på www.agrovisjon.no