Tidlegare styreleiar i Nortura, Sveinung Svebestad, blir ny styreleiar i Felleskjøpet Rogaland Agder. 

Bothild Å. Nordsletten

Svebestad frå Sandnes var einaste kandidat til vervet og vann avstemminga under årsmøtet i samvirke, med 60 røyster. Seks stemde blankt.

– Eg sa eg skulle gi meg med styrearbeid etter åra i Nortura…- med mindre Felleskjøpet kom på bana, seier Svebestad i talen etter valet.

– Felleskjøpet og det FKRA står for passar veldig med det eg har lyst til å jobba med; eit knallhardt forretningsstyre og eit selskap som er avhengig av å driva innan dei ramane me har. Eg gler meg til å leia eit kollegium. Det skal vera rom for alle meiningar i styre, før me så står samla utad. FKRA har òg sine utfordringar, me må balansera interesser, men eg trur eg kan nett det, etter åra som styreleiar i Nortura.

Svebestad vil legge vekt på god drift og oppfølging av dei store investeringane i den nye kraftfôrfabrikken på Kvalaberget, som område styre vil konsentrera seg om framover.

– Dyrevelferd blir også viktig. Samt dei nye framlegga til ny gjødselvareforskrift og spreieareal. Felleskjøpet må legga fram det faglege og agronomisk riktige i denne saka. Me skal takla dette, slik landbruket i Rogaland  har takla utfordringar før. Balansen mellom korn og kraftfôrprisen blir og viktig, seier Svebestad.

Marianne Nordhus frå Fjelberg i Hordaland vart attvald som styremedlem for to år med 65 røyster og to blanke. Ho vart også attvald som nestleiar for styret for eit år med 63 røyster, tre stemte blankt. Tarald Magne Oma frå Bryne vert nytt styremedlem for to år, vald med 57 røyster og seks blanke. Mari Eidså frå Øvrebø vert nytt styremedlem for to år med 55 røyster, sju røysta blankt.
Valborg Sør-Reime Søyland og Torleif Stople vart attvalde som vararepresentantar til styret, Odd Sande vart vald som vararepresentant for første gong.