BN+

Fortvila: Bjørn Ståle Bekkeheien seier svinebøndene nå er sterkt prega og fortvila over prisnivået på straumen. Han kan ikkje skru av eller spara på verken den vassborne varmen eller våtfôringsanlegget som han her held hendene på. Bonden brukar årleg 240.000 kilowattimar i smågrisproduksjonen.


Utgiftsnivået til svinebøndene dei siste månadane har nådd eit alarmerande nivå, seier Bjørn Ståle Bekkeheien. Fakturabeløpet frå straumleverandøren hans for desember 2021 var på 82.000 kroner, rundt 50.000 kroner meir enn normalt.


Sjur Håland


– Dei som driv med gris treng hjelp. Nå. Skyhøge straumprisar saman med dyrare kraftfôr og andre innsatsfaktorar har gjort kvardagen svært krevjande, seier Bekkeheien, som er leiar i Norsvin Sør-Vest.


Hå-bonden brukar tal frå eigen gard for å syna kva også kollegane hans står oppi. I 2020 var kilowattprisen i snitt gjennom året 0,51 kroner. Året etter kan bonden setja to strek under ein snitt sluttsum på 1,11 kroner.


– Det er ein auke på 117,6 prosent. Ei aldeles hårreisande utvikling som er nærast umogleg å handtera, seier han.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE GRATIS

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.

Allereie digital abonnent? Logg inn her

På grunn av endring i abonnementssystemet 25.10.23 må alle abonnenter sette nytt passord for å lese låste artikler på nettsiden. Vi beklager bryderiet.
Se veiledning for å bytte passord her.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer. 

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.

Stikkord denne saka: ,