Nok med seks år: No startar jakta på Marit Epletveit sin etterfølgjar.

Leiar i Rogaland Bondelag, Marit Epletveit tar ikkje attval.

Bothild Å. Nordsletten

Epletveit slapp overraskande katta ut or sekken under leiarmøtet i Rogaland Bondelag fredag. Etter seks år i førarsetet, tar ho ikkje attval. Epletveit vart vald første gong i 2017.

– Kva er grunnen til avgjerda?

– Familieårsaker. Eg får ikkje kabalen til å og i hop heime, seier Epletveit til Bondevennen.

I tillegg til leiarvervet er ho mjølkebonde med fire barn i Gjesdal.

I talen til lokallagsleiarane forsikra ho om at leiarvervet er meiningsfylt og gildt.

– Eg har lært utruleg mykje. Fått lov til å vera med der det skjer, eg har møtt masse menneske eg aldri trudde eg skulle få møta.

– Etter seks år som fylkesleiar, korleis kjennest det å gi seg?

– Alt til si tid, svarar Epletveit.

Valnemnda, leia av Laurits Stokkeland, skal no i gang med å finna Epletveit sin etterfølgjar som skal veljast under årsmøtet i mars.

Det bør vera fleire å velja blant, ifølgje Epletveit.

– Det er fleire gode. Hugs, då eg vart vald, hadde valkomiteen heile åtte personar inne til intervju.