Bøndene i Vindafjord har sett seg lei på å bli gløymde i næringslivssamanheng, og går no saman med mål om å hevda seg på lik linje med anna næringsliv på Haugalandet.
Jane Brit Sande
Ideen om prosjektet Vindafjordbonden starta hausten 2011, og samstyret for bondelaga i Vindafjord gjekk vidare med ideen. No er organisering, sponsorar og finansiering begynt å falla på plass, og prosjektet sparkar i frå.
– Til no har bønder og landbruksnæringa elles vore langt frå synlege nok, nærast fråverande, i næringslivssamanheng her i kommunen og elles på Haugalandet. Det vil me gjere noko med, seier Frank Robert Abelseth, fungerande dagleg leiar i Vindafjordbonden AS, engasjert.
Landbruket bidreg
– Landbruket er den næringa som bidreg til flest arbeidsplassar i Vindafjord kommune med 426 registrerte gardsbruk, og over 2.000 arbeidsplassar med tilknyting til landbruket, påpeika Abelseth. – Det er for mange som gløymer verdien av arbeidet landbruket gjer. For eksempel verdien av arbeidet med kulturlandskap kjem ikkje til rette før det arbeidet ikkje lenger blir gjort.
Prosjektet Vindafjordbonden
Målet med prosjektet Vindafjordbonden er å byggja eit sterkare omdømme og posisjonera landbruket og bøndene i samfunnet elles. Vindafjordbonden skal byggjast opp til ein sterk og lønsam merkevare.
– Me ynskjer å oppnå ein høgare status, for å bli høyrt og få betre gjennomslag, sa Abelseth. – 400 bønder har større sjanse for å bli høyrt enn 4, streka han under. – Eit sterkare omdømme vil vera til god hjelp i dei fleste utfordringar som vil kome. Møtets store hending, var avduking av logo og slagord. Logoen kan brukast til arrangement og liknande, ei felles profil som bidreg til reklame og omdømmebygging.
– Slagordet er «Vil Vekst», og symboliserer at me vil, og det er vekst. Dette skal me strekka oss etter i alt me seier, slutta Abelseth.