Prosjektet GrassRobotics skal utvikle strategiar for grovfôrproduksjon i eit våtare klima, ved robotisering og tilpassa frøblandingar. Det fireårige prosjektet har ei kostnadsramme på 12 millionar. Ti millionar kjem frå Forskingsrådet. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane løyver halvparten av det resterande beløpet, medan resten er eit spleiselag mellom Nibio, Tine, Felleskjøpet, Orkel og HMR Voss. Prosjektansvarleg er Fakultet for realfag og teknologi ved Norges miljø- og biovitenskapelige universitet, NMBU. Prosjektleiar er professor Pål Johan From.
Foto: Benjamin Ward /Saga Robotics
Forskingsrådet løyver ti millionar til eit prosjekt som skal utvikle og tilpasse roboten Thorvald til grasproduksjon på blaute vestlandsbøar. Våtare klima krev nytenking.
Liv Kristin Sola
Meir nedbør og eit stadig kortare haustevindauge har blitt ei stor utfordring for vestlandsbonden.
– Når det er vêret som bestemmer haustetidspunktet, ikkje ønska avlingsnivå eller fôrkvalitet, då må me tenke heilt nytt, seier Liv Østrem, forskar ved Nibio Fureneset.
Teknologi og biologi
Prosjektet GrassRobotics er todelt, med ein teknisk og ein biologisk del. Forskingsmiljøet ved NMBU er hjernen bak det tekniske. Dei skal utvikle nødvendig utstyr slik at roboten Thorvald kan hauste og samle grovfôravlinga. Når Thorvald er ferdig utstyrt, skal den til Nibio på Fureneset, som tek seg av den biologiske delen. Nibio skal samanlikne ulike grasblandingar og hausteregime. Dei vil vurdere planteutvikling, avlingsnivå og kvalitet under eit meir intensivt hausteregime, samt effekten av lettare utstyr på jordpakking, jordstruktur og ulike jordparameter.
Ein lett revolusjon
Det er snakk om ei radikal endring. Ikkje berre lettare utstyr, men ei heilt ny tilnærming til grovfôret som omfattar heile driftsopplegget, inkludert fôringa.
– Med inntil fem haustingar har bonden høve til å tenke meir strategisk rundt grovfôravlingane og fôringa. Mange haustingar på delar av arealet aukar sjølvforsyning med protein, medan utsett slått på delar av arealet vil berge nok fiber, seier Østrem.
Ho gler seg til å ta fatt, spesielt fordi prosjektet slår saman teknisk og biologisk nyskaping i eit breitt samarbeid.
– Målet er at bonden sin strategi for avling og fôrkvalitet skal bestemme haustetidspunktet, ikkje vêret, seier Østrem.
Frå draum til hardt arbeid
Bjørn Harald Haugsvær hjå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, har vore ein pådrivar for prosjektet. I lag med Anders Felde, leiar i Sogn og Fjordane Bondelag, tok han kontakt med Nibio og forskingsmiljøet på Ås for å diskutere utviklinga for grasproduksjon på Vestlandet.
– Me møtte stor velvilje og tru på prosjektet, seier Haugsvær, som fortel at jubelen stod i taket hjå Fylkesmannen då meldinga om løyvinga frå Forskingsrådet kom.
– Forskingsrådet har forstått og akseptert problemstillingane og meiner at me har løyst dei på ein god måte gjennom denne prosjektbeskrivinga. Det var ei fantastisk støtte å få, seier Haugsvær.
Jubelen har lagt seg – det er tid for å brette opp ermane. Utan utstyr er Thorvald ingen landbruksmaskin.
– Alt er nybrottsarbeid. Samarbeid mellom det tekniske og biologiske forskingsmiljøet gjer at me skal få til samspelet mellom robot og verktøy – først då kan me gjere ein jobb, seier Haugsvær
Andre aktørar rundt om i verda jobbar med liknande prosjekt, men så langt er denne type utstyr ikkje i kommersiell drift. Med ny kunnskap og nytt utstyr kan bonden i større grad også tenke klimatilpassing i fôringa og utnytte ein lengre vekstsesong.
Eit steg om gongen
Professor Pål Johan From, ved NMBU, var med å utvikle roboten Thorvald. Han ser fram til å ta nyskapinga eit steg vidare. Ambisjonen er å utvikle eit system som kan utføre alle operasjonane på jordet ved bruk av små og lette maskinar.
– Me tar utan tvil sikte på å ha eit kommersielt produkt klart i løpet av prosjektperioden, seier From.
Jordpakking er i seg sjølv eit stort problem, men From erfarer at bønder er vel så uroa av at dei ikkje kjem seg ut på jordet når det er behov for det.
– Mindre og lettare maskinar vil utan tvil løyse mange problem. Me baserer
oss i første omgang på Thorvald, som me trur er kraftig nok til fôrproduksjon. Teoretisk vil Thorvald både kunne slå, vende og samle avlinga kjapt og effektivt nok til at det vert tilstrekkeleg for dei fleste norske gardsbruk, seier From.
Dei vil møte utfordringar, blant anna med logistikk og sikkerheit.
– Systemet krev mykje energi, og me har lite erfaring med kva som er på jordet av andre hindringar. Det gir utfordringar i designprosessen, seier From.
Dersom dei lukkast med å løyse dei tekniske og agronomiske utfordringane, og klarer å utvikle eit system som kan løyse heilt konkrete utfordringar i landbruket, har From tru på at teknologien vil bli etterspurt og kommersialisert.