Lokal slått: Slik såg det ut på Skas tysdag 7.mai. Graset vart slått dagen før og balla dagen etterpå. 15 ballar med strandsvingel på 17 dekar.

Tjuvstart på slåtten

9. mai 2024 | Aktuelt

​Det var fleire som måtte gni seg i auga på veg til arbeid og skule på måndag. Kalenderen viste 6. mai og på Skas, på grensa mellom Sola og Klepp, låg graset slått i ranker på ei av kjelvene langs med vegen. 

Liv Kristin Sola

Mjølkebonde Lars Byberg Timpelen i Timpelen Ku, stadfestar at det var årets første slått, men ikkje førsteslåtten.

– Det er eit attlegg frå i fjor som er sådd i med strandsvingel. Det kjem alltid tidleg om våren. I tillegg er det andre års eng, som ikkje vart slått i fjor haust, seier han.

Graset var no kome så langt at dei valde å slå av ein slått slik at denne kjelva bli klar til slått nokolunde samstundes som førsteslåtten på raigraset. Lars trur det blir ei veke seinare enn vanleg. Hjå dei. For det er ikkje same fres over raigraset denne våren. Det har teke si tid for å kome i god vekst.

– Me ser stor skilnad hjå dei som tok siste slått i fjor i september, og me som tok ein siste slått i oktober. Det som vart slått i september har fått ein mykje betre start. Somme stader tidlegare enn vanleg, seier han.

Sjølv tok dei siste slåtten 10. oktober i fjor. Det var 5. slåtten.

– Mange tok fjerdeslått på same tida. Det ser heller ikkje så sprekt ut. Det kan sjå ut som at raigras som vart slått i oktober har hatt ei hard overvintring, seier Lars.

Strandsvingel: Strandsvingel er kjapt i gang om våren, og var såvidt begynt å skyte før dei slo. – Ideelt sett skulle den hatt ei veke til, men då hadde me kome i utakt med resten av graset før førsetslått, seier Lars. Privat foto.

For det vart ein svært blaut haust, og ein kald og vindfull seinhaust. Og i år har vårvinna vore sein på grunn av for mykje vatn i jorda.

Godt med gras – og mykje protein

Lars melder om godt med gras på arealet på 17 dekar som no er pressa i rundball. 15 ballar, relativt tørt, er fasiten. Grashøgda var 45-50 cm og graset var begynt å skyte. Fôringsrådgivaren i Tine var innom og tok ein grasprøve. NIR-analysa viste 216 gram protein.

– Så ja, litt tidleg i forhold til utvikling og gjødsling men om ei veke hadde nok denne vore klar til normal slått med tanke på utviklingsstadiet på graset, seier Lars.

Dei har både raigras, strandsvingel og timotei. Det tidlegaste dei har slått strandsvingel på normalt utvikling, er 15. mai. Førsteslåtten blir som regel siste veka i mai. I år ser det ut til at timoteien har hatt ei god overvintring og kome betre i gang enn raigraset.

– Slik det ser ut no, tipper eg me vil slå raigras og timotei ganske på same tida i år. Her hjå oss i alle fall, seier bonden.

Privat foto.

Stikkord denne saka: ,