Under Genos årsmøtemiddag på Store Ree i Stange, fekk Jorunn og Per Ingolf Økland for oksen 10876 Økland to utmerkelsar: Norturas pris for beste kjøtokse, og Genos avlsstatuett 2013.
Jane Brit Sande
Toppoksen 10876 Økland vart fødd på garden Økland på Tysnes i 2007. Dette var sjette kalven som levert til Geno frå garden til Jorunn og Per Ingolf Økland. Dette er sjette kalven dei har levert til Geno.
– Ekstra stas er det at dette er fyrste gong Genos avlsstatuett går til Hordaland, skriv Geno i ei pressemelding.
Mjølk, lynne og fruktbarheit
10876 Økland er ein av elleve NRF-eliteoksar i bruk i Norge i dag. Etter siste avkomsgransking står den med 29 i samla avlsverdi. Oksen er kollet. Den gir døtrer som mjølker mykje, har godt lynne, og god fruktbarheit. Far til 10876 Økland, er 5633 Hauske og morfar er 5646 Heigre.
Beste NRF-kjøtokse
I tillegg til kyr som mjølker godt og har godt lynne, gir 10876 Økland søner som produserer godt med kjøt- Med 109 i indeks for denne eigeskapen er 10876 Økland den beste på kjøt i sin årgang.