Tobias Torland Bringedal (8) bur i Stavanger. Mormor og morfar til Tobias driv gard med mjølkeproduksjon på Torland i Hå kommune. Mellom alle NRF-kyrne i fjøset, er det tre kyr som skil seg ut.

Liv Kristin Sola

– På garden har me tre telemarkskyr. Alle har namn som byrjar på T. Dei heiter Tuva, Thelma og Trine, fortel Tobias.

Då Thelma fekk ein fin kukalv i sommar, ga Tobias og tante Anita kalven namnet Teleturbo. Tobias bestemte seg for å trena kalven og delta på kalvemønstringa på Jærmessa. Fleire gonger i veka har Tobias blitt kjørt til Torland for å trena i lag med Teleturbo.

På mønstringsdagen deltok Tobias og Teleturbo i klassa med flest deltakarar, klassa frå åtte til elleve år. Dei ende på ein flott tredjeplass i si gruppe. Teleturbo oppførte seg heilt eksemplarisk.

Kan hende vert det fleire deltakarar frå Stavanger på kalvemønstringa på Jærmessa neste år?

Tobias fekk fine deltakarpremiar og ein flott diplom for innsatsen. Første skuledag etter mønstringa fekk klassekameratane sjå diplomet og bilete frå mønstringa. Det var ikkje så mange i klassen til Tobias som visste kva kalvemønstring var, men no veit dei det. Det har Tobias på åtte sørgja for.

Tobias og tvillingbroren Aleksander trivst godt i lag med dyra på garden hjå mormor og morfar. Ifølgje mor, har Tobias planane klar; når han er 18 skal han flytte til garden på Torland, – kanskje…

På onsdag skal tvillingane og litlesyster, Marta Helen på fire, vera med mormor og morfar til Sirdal på saueskiljing. Tvillingane vart saueeigarar allereie på eittårs-dagen. Då kom besteforeldra til byen med kvart sitt lam til gutane, noko som skapte stor merksemd i nabolaget. Lamma flytta attende til Torland, men Tobias og syskena er stadig ute og ser om dei og alle dei andre dyra på garden.

Les meir om kuutstilling og kalvemønstring på Jærmessa i Bondevennen nr. 37.