Bo Jensen Dairy stadfesta i helga sin posisjon som ystar i verdsklasse

Liv Kristin Sola

Ystar Bo Jensen reiste frå Jæren til oste VM i Grieghallen i Bergen med elleve ostar. Han kom heim att med sju medaljar; ein gull, ein sølv og fire bronse. Ei ekstra fjør i hatten fekk ystaren ved at osten Geitost med aske vart vinnar på sitt bord, og med det heidra med utmerkinga Super Gold.
 
Dermed klarte den danske ystaren, som er etablert på Jæren, det kunstykket å gjenta suksessen i fjor. Under Oste VM i London i 2017, vart osten Lille Aske den einaste norske som kunne smykke seg med Super Gold-tittel.

 

 

Foto Privat.

Bo Jensen på Høg-Jæren i Rogaland har stadfesta sin posisjon som ein av verdas dyktigaste ystarar.
Bondevennen gratulerer med ein solid innsats og ønsker lukke til vidare.
Stikkord denne saka: , ,