Nye i Nortura: Marie Nøkling t.v. og Laura Lundegaard Jensen.

Nortura Agro og Vest rustar fagkompetansen og doblar talet på veterinærrådgjevarar på svin.

Sjur Håland

Nå er veterinærane Laura Lundgaard Jensen og Marie Nøkling på plass for å serva Nortura-svineprodusentar på Sør- og Vestlandet. Dei to tek over etter Flemming Meland, som vart pensjonist i august

– Me styrkar rettleiarkorpset med ein veterinær ekstra ut frå erfaringa om at svineprodusentane etterspør denne fagekspertisen. Dessutan er svineproduksjon ein svært viktig del av Nortura si verksemd. Me har vore heldige som har fått desse to veterinærane på plass, seier Nortura-tilførselsleiar, Siri Kvam Haugland.

Skal gi ekspertråd

Lundgaard Jensen har sin base på Sandeid og område Vest, medan Nøkling har kontorplass på Forus og høyrer til område Agro.

– Men dei kjem til å arbeida på tvers av områdegrensene, forklarer Kvam Haugland.

Dei to veterinærane er knytt til teamet av Nortura-veterinærar som er stasjonert over store delar av landet. Dei to skal, i følgje Kvam Haugland, ikkje erstatta dei lokale veterinærane og driva med sjukebesøk og vaksinering.

– Det handlar om å gi ekspertråd og hjelpa Nortura sine svineprodusentar til å få best mogleg resultat for å auka innteninga, seier ho.

Vil ut

Laura Lundgaard Jensen har si veterinærutdanning frå Danmark. Her dreiv ho og mannen ein 5.000 dekar stor landbrukseigedom med 800 purker og 5.000 slaktegriser i husdyrporteføljen. Då nye investeringsbehov på garden meldte seg, valte dei heller å selje garden og ta turen til Norge, kor dei var godt kjende frå før.

– Eg vil ut, seier den danske veterinæren.

– Eg ønskjer ikkje å stille diagnosar eller driva rådgjeving bak datamaskinen på kontoret, men heller bruke utdanning og 25-års erfaring med gris ute hjå bøndene, seier ho.

Lundgaard Jensen er glad for at dei er to veterinærar som skal arbeide i lag. Dansk opphav er ikkje til hinder for at ho har sett seg inn i norsk geografi.

– Det er langt mellom Kristiansand og Molde, konstaterer ho.

– Kva er den største utfordringa for svineprodusentane her i landet?

– Om me snakkar om dyrehelse, kjem APP og ademonatose på toppen av den lista.

Lundgaard Jensen understrekar at potensialet er stort i norsk svineproduksjon. Ho meiner hennar erfaring frå Danmark også gjeld i norske grisehus.

– Det er utruleg viktig å sikre at dei som blir rekruttert som arbeidskraft i grisehusa har topp kompetanse. Her er det nok ein del å gå på i fleire besetningar, seier ho.

Veterinæren har god erfaring med obduksjon som verktøy for å finne diagnose på helsemessige utfordringar i svinebesetningane.

– I svært mange tilfelle greier me å finne ein diagnose og legge ein behandlingsplan i samråd med lokal veterinær ut frå kva me finn etter obduksjon eller prøvetaking ute i grisehusa, seier ho.

Gler meg

Marie Nøkling er kjent for mange frå før i landbruksmiljøet i Rogaland. Etter veterinærstudiet i Hannover var ho ei tid i det som den gong heitte Kjøtkontrollen. Seinare vart det produksjonsdyr-praksis i Sauda, Hjelmeland og på Varhaug. Via ei stilling i Fiskeridirektoratet gjekk ho over til Mattilsynet då denne institusjonen vart oppretta i 2004.

– Så nå er eg klar for noko nytt. Grisen er eit spanande dyreslag, og eg gler meg til å få samarbeide med bønder og eit team av fagfolk i Nortura. Det blir meir fag og mindre rapportskriving på meg. Det gler eg meg til, seier ho.

Ho tar med seg erfaring med produksjonsdyr og dyrevelferd i den nye jobben.

– Eg har eit inntrykk av at dyrevelferden har løfta seg mange hakk. Svinenæringa har teke tak i problemstillingane. Det blir spanande å ta del i utviklinga vidare. Ei av oppgåvene mine, i tillegg til generell rådgiving kring dyrehelse, blir for eksempel å gi råd for å oppnå raskare oppfølging av sjuke enkeltindivid.

– Du er klar til nokre timar langs landevegen?

– Absolutt, eg har alltid likt meg godt i bilen.