25 forskjellige traktorar, over ei tidline som spenner seg over meir enn 100 år, er utstilte på Vitengarden. Jærmuseet har fortsatt traktorar i samlinga, og draumen er ei permanent utstilling som spenner seg fram til dagens traktorar.

25 forskjellige traktorar, over ei tidline som spenner seg over meir enn 100 år, er utstilte
på Vitengarden. Jærmuseet har fortsatt traktorar i samlinga, og draumen er ei permanent utstilling som spenner seg fram til dagens traktorar.

 

Dei er mildt sagt stolte av utstillinga si. Jærmuseet syner fram både blankmalte og rusta traktorar i utstillinga Traktorliv.

 

Jane Brit Sande

 

– Med denne utstillinga vil me visa at traktor er meir enn «berre» landbruk, seier Anne Jorunn Frøyen, historikar på Jærmuseet.

Saman med teknikar Endre Ueland syner ho stolt fram eit lite knippe av Jærmuseet si eiga traktorsamling, som tel ikkje mindre enn 73 traktorar. Traktorliv viser fram 25 traktorar, frå dei fyrste traktorane som kom til Noreg, og fram til 1950-talet. Nokre av traktorane er vist fram før, men halvparten er utstilt på Vitengarden for første gong.

– Traktor er minner frå barndommen, og ungdomstida, med traktorpulling og «råning» og det som følgjer med, seier Endre.

– Ja, det er mopeden på landet, smiler Anne Jorunn.

– I tillegg til å vere ein bruksgjenstand, er traktoren eit symbol på landbrukspolitikk og teknologiutvikling, legg ho til.

Traktorutstillinga har to inngangar, og gir dei besøkande to forskjellige utgangspunkt for utstillinga. Den eine viser traktoren som ein del av landbruket, og teknologiutviklinga på Jæren. Den andre inngangen opner med ei fotoutstilling med bilete tatt av Knut Egil Wang, og Jærmuseet vil med den vekke minna knyta til traktoren sitt liv på gardane.

I tillegg til traktorane, med informasjonsplakater strategisk plassert i utstillinga, satsar Jærmuseet digitalt. På nett kan du finne utstillinga på Digitalt museum (ekstern lenke). I utstillinga er det eit dataspel som er kjekt for både born og vaksen, og Anne Jorunn og Endre fortel om livleg engasjement.

– Ungane styrer på, og det er om å gjere å koble dei rette traktorane til dei forskjellige lydane og bileta. Seinare kjem dei att, men denne gong med foreldre eller besteforeldra. Det likar me, fortel Anne Jorunn.

Ferguson TE20, betre kjent som Gråtass. Christian Eik i Eik Maskinforretning AS var klar til å selje denne traktoren allereie i 1946. Han var overtydd om at traktoren var løysinga for det norske jordbruket, og at blant traktorane var Gråtassen den best eigna for norske forhold.

Ferguson TE20, betre kjent som Gråtass. Christian Eik i Eik Maskinforretning AS var klar til å selje denne traktoren allereie i 1946. Han var overtydd om at traktoren var løysinga for det norske jordbruket, og at blant traktorane var Gråtassen den best eigna for norske forhold.

Utstilling med potensiale

Anne Jorunn og Endre fortel at tidslina for utstillinga stopper med traktor frå 1950-talet grunna plassmangel. Dei skulle meir enn gjerne ha breia seg ut, både i plass og tid.

– Frå 1960-talet var traktoren ein del av landbruket på alvor, fortel Anne Jorunn.

Opninga av utstillinga lokka til seg kring 1400 vitjande, og Anne Jorunn og Endre hausta mykje positive ord.

– Det er planen at denne utstillinga skal stå i to til tre år, men draumen er ei permanent utstilling. Me har plassen, det blir eit underjordisk lokale her på Vitengarden, men me manglar sjølvsagt pengar, fortel Endre.