Biogass på gardsnivå: Karin Braut og Harley viser fram biogassreaktorane som står på garden til Karin Braut og Olav Røysland.
Ein idé om å nytta energi frå eiga husdyrgjødsel til å varme opp grisehusa, har blitt til eit pilotprosjekt som testar ut biogassanlegg på gardsnivå.
Liv Kristin Sola
Olav Røysland og Karin Braut har full konsesjon med purker, smågris og slaktegris, på garden på Voll på Jæren. Planen var å produsere biogass frå tradisjonell blautgjødsel, men prosjektet har utvikla seg å omfatte separering av husdyrgjødsla som ein del av prosessen.
I fjor haust installerte dei ein gjødselseparator og separerer gjødsla i ein våt og ein tørr del. Den tørre delen utgjer 10-15 prosent av den totale gjødselmengda. Dei to fraksjonane går inn på kvar sin bioreaktor. Her vert gjødsla tilsett bakteriar (granular) som bryt ned karbonbindingane og frigjer metan (CH4) og karbondioksid (CO2). Gassen vert brent for å produsere varme til grisehusa på garden.
– Biogass er verdifull som fjernvarme eller som energi til transport, seier Røysland.
Bøndene på Voll trur at biogass, og ikkje minst separering av husdyrgjødsla, vil vekka interesse hjå andre husdyrprodusentar. Ikkje minst med tanke på ny gjødselvareforskrift som er i vente.
Meir presis gjødsling
Fosforet følgjer i stor grad den tørre delen, medan den flytande delen er rik på nitrogen. Ifølgje Røysland kan innhald av fosfor i den blaute delen reduserast med så mykje som 35-40 prosent.
– I praksis betyr det at gras og kornprodusentar kan auka nitrogengjødslinga gjennom den flytande delen, utan å nå grensa med fosfor. Motsett for gjødsling av potet og grønsaker. Om ein gjødslar med den faste delen, kan det tilførast meir fosfor utan å nå grensa for kor mykje nitrogen som kan tilførast, summerer bonden.
Ettertrakta salsvare?
Heime på garden har familien eit stort veksthus. Dei har også avtale om å ta imot noko gjødsel frå ku for å samanlikne dei to restfraksjonane. I veksthuset har dei eit privat forsøk med ulike vekstar planta i ulike blandingsforhold med biorest. Gjødselresten er tilsett litt kalk for å heva pH, og forsøket har kontrollert vatning. Målet er å sjå om dei kan finna kva for blandingsforhold som er ideelt for dei ulike vekstane. I tillegg vil dei sjå om plantene utviklar og utan å visa symptom på manglar av noko slag.
– Det vil gi ein indikasjon på kor godt tørrstoffet frå husdyrgjødsla eignar seg som vekstmedium, seier Røysland, som har tru på at tørrstoff frå husdyrgjødsel kan bli ei ettertrakta salsvare og ein god erstatning for blant anna torv.
Biogass på gardsnivå
Biogass Konsortium består av Rogaland Fylkeskommune, IVAR, Lyse AS og Felleskjøpet Rogaland Agder. Målet er å utvikla kunnskap om produksjon av biogass på gardsnivå.
Biotek Rogaland AS, er det operative instrumentet for Biogass Konsortium. Konsortiet eig 80 % resten er delt mellom Validé og Røysland. Selskapet testar og tilpassar teknologiar for husdyrgjødsel og anna gardsbasert avfall.
Jæren Biogass AS, er etablert av Olav Røysland. Selskapet har investert i to biogassreaktorar og ein gjødselseparator, eit pilotanlegg som tester ut teknologien og dei ulike biologiske prosessane.
Biogass
Biogass er eit resultat av nedbryting av biologisk materiale, som matavfall, husdyrgjødsel eller vår eigen kloakk. Prosessen skjer i eit lufttett system. Gjødsla blir tilsett bakteriekoloniar (granular). Bakteriane fungerer som motorar i ein ny nedbrytingsprosess av energien i gjødsla. Prosessen resulterer i produksjon av metan og CO2.
Utvinning av metan og CO2 kan gjerast både frå ei tradisjonell blautgjødsel, eller etter at gjødsla er separert i ein tørr og ein blaut del. Hjå Røysland vert gjødsla separert og den tørre og blaute delen fordelt til kvar sin bioreaktor. Den tørre delen har rundt 35 prosent tørrstoff og utgjer mellom ti og femten prosent av den totale gjødselmengda. Energipotensialet er omtrent likt i dei to fraksjonane.
Klimanøytral
Med biogass blir organisk avfall ein ressurs som kan nyttast til oppvarming eller drivstoff. Oppgradert til metan kan den bli ein del av nettet for naturgass. Biogass er klimanøytral og fornybar, i motsetnad til naturgass som gir eit netto tilskot av CO2 til atmosfæren.