Tusen storfebønder skal testa for tuberkulose
Mattilsynet trappar opp søket etter smittekjelda til utbrotet av storfetuberkulose i Suldal i 2022.
1000 gardar skal nå testast – for bøndenes eiga rekning.
Bothild Å. Nordsletten
Mattilsynet varslar nå at dei utvidar sitt nasjonale overvakings- og kontrollprogram for storfetuberkulose. Dette skal dei gjera ved omfattande tuberkulintesting av storfebesetningar. Tidlegare har overvakinga vore basert på undersøkingar i kjøtkontrollen på slakteria.
Og det var nettopp i kjøtkontrollen at det vart påvist eit tilfelle av storfetuberkulose på ein gard i Suldal i Rogaland i 2022. Sidan den gong har Veterinærinstituttet og Mattilsynet freista å spora smittekjelda. Dei har ikkje lukkast. Derfor vil dei nå føreta ei utvida og systematisk testing på gardar som kan ha vore i kontakt med garden i Suldal via livdyr.
Ifølgje Mattilsynet er tuberkulintesting den beste metoden ein har for tidleg oppdaging av smitte og for å hindra vidare spreiing.
«Årets testing tar til så snart beitesesongen er over og dyra er heime att.»
Startar snart
Basert på analysar av dyreflyttingar med utgangspunkt i den råka garden er 1000 gardar nå plukka ut for testing. Årets testing tar til så snart beitesesongen er over og dyra er heime att, frå oktober av. I første omgang skal om lag 150 bruk testast. Dei fleste av desse ligg i Rogaland, Agder og Vestland. Testinga vil føregå fortløpande til mai 2026.
Må fikserast: Mattilsynet har publisert ei lang liste over førebuande tiltak som bonden må gjera før inspektørane kjem for å testa dyra for tuberkulosesmitte. God fiksering, anten i fanghekk, klauvskjeringsboks eller liknande, samt med grime, er svært viktig.
Gardane som snart blir kontakta av Mattilsynet sine inspektørar for testing, har hatt direkte eller indirekte kontakt via livdyr med garden der tuberkulosen vart funnen i 2022. Dette tyder ikkje at gardane som skal testast har sjukdommen, skriv Mattilsynet på sine nettsider. Men dyra på test-gardane er del av det Mattilsynet omtalar som ein risikopopulasjon.
Slik skjer testinga
Testinga vil skje i to delar med tre dagars mellomrom. To ulike typar tuberkulin blir injisert inn i huda på halsen til dyret. Tuberkulin er reinska fragment av daude mykobakteriar. Dette utløyser ein lokal reaksjon som skal lesast av med eit måleinstrument.
Presisjonsarbeid
Testinga inneber at alle dyr over seks veker skal testast. Kvart dyr må fikserast, for så å bli barbert på halsen der sprøyta skal setjast og hudtjukkleiken/reaksjonen målast.
Mattilsynet er tydelege på at det ikkje blir gitt nokon kompensasjon eller økonomisk støtte for sjølve testinga.
Tilsynet omtalar testinga som presisjonsarbeid, då det er millimeterutslag dei ser etter. Ergo er god fiksering av dyra svært viktig.
Greitt med behandlingsboks: Det er bonden sitt ansvar å syta for god fiksering av dyra som skal testast, og å skaffa tilstrekkeleg med mannskap for å handtera dyra effektivt og trygt. Foto: Gjengitt med tillating frå Fjøssystemer
Omfattande førebuing
På nettsidene kjem Mattilsynet med ei lang liste over førebuingar som bonden må syta for: Husdyrregisteret og dyrehaldsjournalen må vera oppdatert, og alle dyr skal vera ID-merkte med to øyremerker. Alle dyra som skal testast må vera inne og tilgjengelege båe testdagar. Dyra må kunna fikserast i fanghekk, klauvskjeringsboks eller liknande, og med grime. Dei må vera reine på halsen.
Det er bonden sitt ansvar å skaffa tilstrekkeleg med mannskap for å handtera dyra effektivt og trygt. Mattilsynet skriv at det i dei fleste tilfelle vil vera behov for ekstra folk. Ein må også syta for godt lys og ryddige arbeidsbord til papirarbeid og utstyr i trygg avstand frå dyra.
«Det blir ikkje gitt kompensasjon eller økonomisk støtte for sjølve testinga.»
Svar på prøvane
Testen kan gi tre ulike utslag. Er den negativ, er det ikkje naudsynt med fleire tiltak. Ein positiv test, derimot, gir mistanke om smitte og krev vidare undersøkingar.
Dersom testen er uklar må ein testa att etter ca. 60 dagar.
Dyr som tester positivt, eller uklart to gonger, fører til mistanke om tuberkulose. I så fall blir garden bandlagt, og fristatusen for sjukdommen blir sett på vent inntil mistanken er avklart eller stadfesta. Dette inneber at det er forbode å flytta dyr inn og ut av garden. Ein må søkja om å senda dyr til slakt, og mjølk kan berre sendast til meieri som pasteuriserer den.
«Dersom smitte blir påvist vert garden bandlagt og fristatusen tilbakekalla.»
Dersom smitte blir påvist vert garden bandlagt og fristatusen tilbakekalla. Naudsynte tiltak for å fjerna smitta og å unngå risiko for smittespreiing blir sette i verk. Dette kan innebera avliving av einskilde dyr eller heile besetninga, vask og desinfeksjon og restriksjon på bruk av gjødsel og levering av mjølk.
Dersom det er mistanke om- eller påvising av sjukdom på garden og Mattilsynet krev tiltak, til dømes avliving, kan du søkje kompensasjon.
Ifølgje Mattilsynet kan tuberkulintesting av storfe verta aktuelt i fleire år framover, men det vil gå minst eitt år mellom kvar testrunde.
Storfetuberkulose
- Sjukdommen skuldast bakterien Mycobacterium bovis
- Den utviklar seg sakte, ofte utan synlege symptom før den er langt komen.
- Tuberkulose er ein zoonose. Den kan smitta mellom menneske og dyr.
- Mycobacterium bovis er svært resistent mot mange ytre påverknader. I den lange smitteperioden før sjukdom kan dyret skilja ut smitte og vera smittefarleg for andre storfe, andre dyreartar og menneske.
- Bakterien toler godt desinfeksjonsmiddel og uttørking, men er følsam overfor sollys. Bakterien kan overleva i infisert gjødsel i minst seks månader og i inntil to år på beite eller innadørs.
- Symptoma kan vera sikling, pusteproblem, avmagring, redusert mjølkeproduksjon og nedsett allmenntilstand.
- Tuberkulose står på nasjonale liste 2 over meldepliktige dyresjukdommar. Dette inneber at den skal nedkjempast med mål om å utrydda den i EU/EØS.
- Noreg har fristatus for sjukdommen.
- Det er svært viktig at sjukdommen ikkje etablerer seg i norsk husdyrhald.
- Å oppretthalda fristatus er mellom anna viktig for god dyrehelse og folkehelse, for å sikra tillit til norske matvarer og for å sikra norsk eksport av meieriprodukt og kjøt.
- Mistanke eller påvising av tuberkulose skal meldast til Mattilsynet.
- Smitte frå storfe til menneske gjennom mjølk var ein av grunnane til at pasteurisering av all mjølk til konsum vart lovpålagt i 1953.
Kjelde: Mattilsynet, og veterinær Asle Bjørgaas/ Bv 2, 2025
Smitta: Bilete viser tuberkel i lever, og vart tatt i kjøtkontrollen av kua som fekk påvist tuberkulose i 2022. Foto: Mattilsynet