Traktorar er sjølvsagt i ein landbruksdemonstrasjon. Her var dei pryda med slagord som «Rettferdige prisar for bønder over heile verda» og «Gardar i staden for industrijordbruk». Foto: Bondelaget

Traktorar er sjølvsagt i ein landbruksdemonstrasjon. Her var dei pryda med slagord som «Rettferdige prisar for bønder over heile verda» og «Gardar i staden for industrijordbruk». Foto: Bondelaget

Landbruksdemonstrasjonen i Berlin var prega av kampen mot industrilandbruket.

Jane Brit Sande
– Me reiste ned for å sjå og lære korleis diskusjonane går føre seg i andre delar av Europa, sa Birte Usland, fylkesleiar i Vest-Agder Bondelag. Ho hadde reist, saman med Morten Rosmo frå Sør-Trøndelag, til Berlin for å vere med på landbruksdemonstrasjon.

Viktige kampsakar

Demonstrasjonen opna med fleire slagkraftige appellar på Potsdamer Platz. Fleire forskjellige organisasjonar, frå bonde- og landbruksorganisasjonar til forbrukarorganisasjonar, frå fleire forskjellige land. I tillegg var det fleire appellar langs ruta for demonstrasjonstoget, som gjekk frå Potsdamer Platz, forbi det tyske landbruksdepartementet, til statsminister Angela Merkels kontor.
– Demonstrantane aksjonerte mot oppblomstringa av industrilandbruket. Dei kjempar for at gardane skal fortsetje å vere eit familieeigd, småskalalandbruk, med lokale variasjonar, fortel Usland. – Kort fortalt, dei ynskjer eit slikt landbruk me er så heldige å ha her i Norge.

Støtte og lære

Birte Usland og Morten Rosmo er begge i aksjonskomiteen til Norges Bondelag. På vegen har dei fått med seg fleire gode tips.
– Eg er imponert over kor godt organisert denne demonstrasjonen var, fortel Usland. – Det var utruleg mykje folk som stilte opp, og eg var fascinert over det vide spekteret; barn med foreldre, studenter, og eldre. Og det var politi langs heile ruta. Det var tydeleg at dei tok folkemengden alvorleg, fortel ho.
Fekk du nokre gode tips til vårens aksjonar her heime, lurer me på.
– Nei, det er nok hemmeleg, ler Birte Usland lurt.