Fritt for ugras: Gudrun Kristensen oppmodar bøndene i kommunen til ugraskamp i beite og utmark. – Beita er ein fantastisk ressurs og gir billeg fôr, påpeikar ho.

I Gjesdal må bøndene akseptera at kommunen held auga med beitestell og kulturlandskapspleie på gardsbruka som får produksjonstilskot.

Sjur Håland

– Eg trur me alle har felles mål om minst mogleg ugras, men enkelte treng ei klar påminning om at ugras ikkje er greitt, seier Gudrun Kristensen, som er fagansvarleg for landbruk, natur og miljø i Gjesdal kommune.

Går på kontroll

I kommunen sin landbruksplan frå 2006, som no er i ferd med å bli fornya, har beiteskjøtsel prioritet. Kommunen tar ugrasproblematikken på alvor også når femprosentkontrollane blir gjennomført.
– I Gjesdal søkjer kring 150 bruk om produksjonstilskot. Det betyr i praksis at tre føretak av åtte får besøk av oss kvart år der merksemda er retta mot mangelfull ugraskamp, fortel ho, og understrekar at kommunen tar kontakt med bonden og diskuterer moglege tiltak slik at han eller ho får høve til å rydda området før kommunen kjem på kontroll.
Gjeldane areal som ikkje blir vurdert å oppfylla krava om god nok drift i høve areal- og kulturlandskapstilskot blir taikna inn på kart og seinare målt opp digitalt.
– I nokre tilfelle kan konsekvensen bli eit trekk på 1-2.000 kroner. Men det viktigaste er nok signaleffekten. Me som representerer styresmaktene påpeikar at dette ikkje er bra, medan bonden gjerne kjenner seg litt flau, og blir motivert til å rydda opp.

Vinn, vinn

– Kvifor prioriterer Gjesdal ugras, beite og kulturlandskap?
– Det er jobben vår og samstundes ei vinn, vinn sak for både samfunnet og bøndene. I botn ligg Stortinget sitt mål om å auke norsk matproduksjon med 20 prosent fram mot 2030. Ugrasfrie beiteareal er ein viktig del av ressursgrunnlaget i kommunen og gir både godt og billeg fôr, understrekar Kristensen.
I forslaget til ny landbruksplan blir det i teksten påpeika at enkelte bønder brukar opp mot 80 timar i løpet av ein sommar på å fjerna ugras, medan andre ikkje bryr seg. Gudrun Kristensen understrekar at kommunen ønskjer å vera aktive på ein positiv måte, men at enkelte treng eit puff for å koma i gang med tiltak.
– Enkelte bryr seg litt for lite om ugraset på eigedomen og har ein jobb å gjera. Det hjelper på at andre kjem inn og ser, og det hjelper med ei påminning om at ugrasplaga også spreier seg til naboane om ein ikkje held det reint sjølv.

Ugrasbonus til avløysaren

Gudrun Kristensen understrekar at fleire kommunar, som Bjerkreim, har vore førebilete når Gjesdal har gjort sine prioriteringar. Ho har tru på strategien, og ønskjer fleire møteplassar med til dømes det lokale bondelaget og Norsk Landbruksrådgiving i tida som kjem.
– Me treng alle å bli oppdaterte på ugraskamp, og korleis me best kan gå fram med både mekaniske og kjemiske tiltak.
Enkelte bønder er alt godt i gang. Kommunen sin fagansvarlige har registrert at bønder motiverer avløysarane sine med ein bonus om dei tar seg ein tur ut i marka med spade eller ljå.
– Ein bonde eg har høyrt om plussar på 30 kroner i timeløna om avløysaren vil ta ein tur i beitet. Slikt blir det både fleire kroner og mindre ugras av, illustrerer ho, og fortel også om at ein bonde som fekk kommunalt besøk vart inspirert til å ta sprøytesertifikatet i etterkant.

Ulike strategiar: Å halda det fritt for ugras på eige areal er alt anna enn lett når naboen er mindre nøye med ugraskampen. Illustrasjonsfoto.

Tistel er versting

Myrtistel og veitistel er to av ugrasslaga som er plagsame og som kan spreia seg langt med lette frø.
– Også landøyda og lyssiv utgjer eit aukande problem. Høymolen er også eit problematisk ugras, men her er frøa tyngre og spreier seg ikkje over så store avstandar som tistlane.
Liv og lære skal gjelde i Gjesdal kommune.
– Kva gjer kommunen med sitt areal?
– Me tar kontakt med utbyggarar og andre for å formidla at ugraskamp er obligatorisk. På eigne areal som me leiger ut, legg me vinn på å formidla at arealet skal haldast reint for ugras. Langs vegar og sykkelstiar blir mekanisk klypping prioritert. Me prøver å minimere bruken av kjemiske middel, presiserer Kristensen.