illbilde,skule

Den positive trenden med aukande interesse for landbruksfag held fram. Biletet er frå eit besøk på Nome Vidaregåande skule i Telemark. (Foto: Bondevennen)

Den positive trenden med aukande interesse for landbruksfag held fram. 20 prosent fleire ungdom har landbruksfag som sitt fyste studieval i år i samanlikna med 2015.

Tal frå Samordna opptak viser ein auke frå 385 til 461 søkjarar som har eit landbruksrelatert fag som sitt fysteval. Rekorden har studiet økologisk landbruk ved Høgskulen i Hedmark, med 110 fyrstevalsøkjarar.

Tall frå byrjinga av august 2016 syner at 614 har fått tilbod om studieplass innanfor landbruksrelaterte fag ved dei norske studiestadene som tilbyr dette.

– Dette er gledelige tal som syner at ungdommen trur på ei framtid i landbruket. Konkurranse om studieplassane bidreg til godt motiverte studentar, og det vil gi studiane meir prestisje. Noko som igjen bør føre til gode resultat og god gjennomføring, seier landbruks- og matminister Dale.

Også aukande interesse for landbruksfag i vidaregåande skole

I følgje Utdanningsdirektoratet har talet på ungdom som søkjer seg til vidaregåande landbruksretta utdanning auka synleg. Antal søkjarar til programfag naturbruk i dei fylkeskommunale skulene har auka med 15 prosent frå i fjor til i år, ein forsterka trend frå dei siste par åra. Dei fylkeskommunale skulene kan i år tilby skoleplass til 1774 av dei 1932 søkjarane til programfaget naturbruk. I tillegg kommer søkjing til dei private naturbruksskulene, som óg melder om auke i søkjartala.

 

Les heile saka hjå Landbruks- og Matdepartementet (lenke)

Stikkord denne saka: