Vil retta opp: Fylkeslandbruksdirektør Geir Skadberg

– Urett skal me retta opp i

jun 14, 2019

Fylkeslandbruksdirektør i Rogaland lovar å rydda opp dersom bønder har fått avkorta produksjonstilskot på grunnlag av feilaktige Mattilsynet-rapportar.

Bothild Å. Nordsletten

Saka der pelsdyrbonde Geir Olaf Lauvås avslørte korleis han fekk avviklingsvedtak frå Mattilsynet basert på ein feilaktig tilsynsrapport, har ført til storm rundt og i Mattilsynet. Mange stiller no spørsmål ved tilsynets sin inspeksjons- og rapporteringspraksis. Mellom anna har det kome fram skuldingar om dårleg oppførsel under tilsyn, ufaglærte inspektørar og rapportar ført i pennen av folk som aldri har vore på garden det gjeld.

Feil i rapportane?
Rapportane frå Mattilsynet ligg til grunn for saker der kommunen eller fylkesmannen avkortar produksjonstillegg til bønder etter funn av dårleg dyrevelferd. Dette er ein praksis som har føregått i mange år. Berre i Rogaland dei to siste åra har om lag 30 bønder fått avkorta produksjonstilskotet på grunnlag av Mattilsynet sine rapportar. Fylkeslandbruksdirektør Geir Skadberg ser alvorleg på det, dersom sviktande rutinar og ukultur i Mattilsynet viser seg å ligga til grunn i saker som har ført til avkorting.

«Fylkesmannen kan ikkje
trekka rapportane i tvil sjølv.»

Geir Skadberg, fylkeslandbruksdirektør

– Dersom avkorting er gjort basert på feilaktige Mattilsynet-rapportar må me openbart opna sakene og sjå på dei, seier Geir Skadberg til Bondevennen.

– Trur du at slik rapportar ligg til grunn for nokre av sakene du har hatt?

– Det vil eg ikkje meina noko om, svarar Skadberg.

– Dette må koma fram frå den eksterne granskinga av Mattilsynet. Fylkesmannen kan ikkje trekka rapportane i tvil sjølv. Eg ser det som logisk at den granskinga som no skal skje, også må sjå på avkortinga som har skjedd.

Store summar
Medan somme bønder har fått nokre tusen i avkorting, har andre blitt kutta med fleire hundre tusen basert på Mattilsynet sine funn av dårleg dyrevelferd.

– Veit du om bønder som har avvikla på grunn av avkortinga?

– Me har vel nokre case der bøndene var i avvikling uansett, grunna pålegg dei har fått. Om dei har lagt ned grunna pengane dei ikkje fekk, kan eg ikkje seia, svarar Skadberg.

– Men kan avkortinga ha vore medverkande til nedlegging?

– Eg veit ikkje, men eg skal ikkje utelukka det, så mykje pengar som det er snakk om.

«Kjem det saker som viser seg å vera feil,
så tar me alle dei sakene.»

Geir Skadberg, fylkeslandbruksdirektør

Ventar på granskinga
Skadberg understrekar at fylkesmannen ikkje kjem til å opna saker før granskinga av Mattilsynet tilseier at så bør skje.

– Dersom de etter kvart opnar saker og avdekker at de har kutta i produksjonstilskot på grunnlag av feilaktige rapportar, vil de betala attende heile eller delar av summane?

– Ja, svarar Skadberg.

Han understreker at fylkesmannen også må sjå på graden av alvor i dei einskilde sakene, kor stort omfanget av det påstått dårlege dyrehaldet er og kor lenge det har pågått.

– Gruppa som har fått avkorta produksjonstilskot er samansett, seier Skadberg, og hevdar at nokre bønder har fått halde på i for mange år, og slite ut Mattilsynet. Finn fylkesmannen forhold som tilseier avkorting, vil ikkje produksjonstilskotet bli betalt tilbake.

– Fryktar du erstatningssøksmål frå bøndene det gjeld?

– Nei, det må vera opp til den aktuelle bonde å vurdera.

Ingen dialog med Mattilsynet
Ingen veit førebels kor lenge den påståtte ukulturen i Mattilsynet har pågått – det er forhold ei eventuell gransking vil kunne kasta lys over.

– Kva kan granskinga av Mattilsynet ha å seia for eldre saker der bønder har fått avkorta produksjonstilskotet?

– Du spør godt. Me blottstiller oss fullstendig her. Kjem det saker som viser seg å vera feil, så tar me alle dei sakene. Har det skjedd ting til ugunst for søkjaren, altså bonden, så står me med opne dører. Urett skal me retta opp i, svarar Skadberg.

– Er fylkesmanne i dialog med Mattilsynet om desse spørsmåla?

– Nei, ingen dialog, svarar Skadberg.