bv02_aktuelt3

Gruppene arbeida ihuga med oppgåva. 60 personar fordelt på fleire grupper, i ivrig idémyldring.

Unge bønder samla seg, og vart oppmoda til å aldri gje opp.

Jane Brit Sande

Blant årets deltagarar på Sørlandssamlinga, var 60 bønder under kategorien «unge bønder». Dei hadde ei eiga samlinga, der Humørbonden Geir Styve utfordra dei på å fortelje kvarandre kva som går an, i staden for kva som ikkje går an. Frank Sigvaldsen, bonde i Froland, fortalde si historie om vegen til å endeleg få ein eigen gard.
– Eg har vore mykje rundtforbi og kikka på gardar som har vore til sals – både i Hedmark og Vennesla. Eg prøvde meg til og med i Jakten på Kjærligheten på TV2, spøkte han.
– Eg har i fleire år leigd både fjøs og jord, og har no 21 ammekyr. Det er vanskeleg å få kjøpt ein gard, og det var like før eg gav opp. Eg måtte tenke annleis. Vegen har vore lang, men no skal eg endeleg få kjøpa ein skogseigedom av kommunen. Der skal eg etter kvart bygge fjøs.
Men vegen har ikkje gått utan fartshumpar. Sigvaldsen har hatt det kjente bygdedyret tett på seg.
– Mange meiner dette aldri kjem til å gå, men eg ser fram til å endeleg få noko som er mitt. Det handlar om å stole på seg sjølv. Kva vil du, og kva har du moglegheit til, spurde han retorisk.

Finn din eigen glød

Geir Styve, Humørbonde, oppmoda bondespirene til å vere seg sjølv, og aldri gi opp.
– Eg vil ikkje at de skal kopiere andre. Ein er best på å vere seg sjølv. Det handlar om å finne gløden. Aldri gi opp, sjå løysningane. Vel du kuskitbingo, eller bondesjakk-metoden, spurte Styve, og viste til om ein skal vere strategisk, eller stole på tilfeldigheitane. Bondespirene vart delt inn i grupper på fire til fem personar.
– De skal bli einige om ein på gruppa som ikkje skal gjere noko, sa Styve lurt.
Den utvelde skulle seie tre stikkord som han eller ho hadde ein spesiell lidenskap, glød for. Gruppa skulle vidare arbeide utan denne personen, og finne moglegheiter til utnytting av desse ressursane.
– Det handlar om å velje smart i forhold til glød. Nå har eg lært dykk ein metode de kan nytta heime rundt eige kjøkkenbord. Ein metode der de kan fortelje kvarandre kva som går, i staden for kva som ikkje går, forklara Styve.
– Og hugs; skriv ned målet, elles er det berre ein draum.

Stikkord denne saka: