Årsoppgjer: Administrerande direktør i Felleskjøpet Rogaland Agder t.v. saman med styreleiar Sveinung Svebestad har manøvrert selskapet gjennom eit år prega av tørkesommar og bygging av ny kraftfôrfabrikk.

Årsmøtet i Felleskjøpet Rogaland Agder er uroa over at dotterselskapet Norsk Naturgjødsel AS tapar pengar.

Sjur Håland

For lite sal, rustfrie skruer i hønegjødsla som øydelegg maskinane i fabrikken og skjerpa EU-krav til varmebehandling, utfordrar lønsemda til Norsk Naturgjødsel. I 2018 gjekk verksemda med 800.000 i underskot. Det uroa årsmøtet.

– Det er ikkje tvil om at mitt hjarta bankar ekstra for Norsk Naturgjødsel, sa årsmøteutsending Odd Sele, og fekk støtte frå fleire andre som tok ordet i debatten på årsmøtet.

Kan produsera meir

I 2018 vart det produsert 5.000 tonn ferdigvare frå gjødselfabrikken på Sele. Helgjødsel med kobolt utgjorde det største salsvolumet. Styreleiar Sveinung Svebestad heldt i sin årsmøtetale fram at Norsk Naturgjødsel kan produsera enda meir Helgjødsel.

– Utfordringa er avsetnad og økonomi. Skal me lukkast med det, må me lukkast betre i hagemarknaden. Marginane ligg i småsekk til hagane, eit område med mykje konkurranse. Me må i samarbeid med næringa, forskarmiljøa og andre aktuelle samarbeidspartnarar sjå på moglegheitene for forskjellig bruk av husdyrgjødsla. Når torv etter kvart blir fasa ut, blir det samstundes skapt ein marknad for nye jordprodukt.

Grovfôr: Felleskjøpet Rogaland Agder importerte meir enn 12.000 grovfôrballar i 2018. Her lossast ei båtlast med dansk rughalm frå Sirevåg Hamn i september.

Mest skrøyt

Mannsdominert toppleiing, FK-butikkane si varierande evne til å levera delar og rekvisita, støv i kraftfôret og ein periode med for mykje kveite i svinefôrblandingane, var blant tema årsmøteutsendingane i Felleskjøpet Rogaland Agder var opptekne av då årsmøtet gjekk av stabelen på Sola førre veke. Likevel var det godorda som dominerte. Trond Steinar Løvdal, frå Øvrebø, opplevde å få grovfôravlingane sine reduserte med 70-80 prosent i fjor. Grovfôr, importert av Felleskjøpet Rogaland Agder, vart redninga. Samvirkeverksemda importerte 12.561 fôrballar, fordelt på halm, lusernehøy og frøhøy i 2018.

– Takk for at de tok tak i grovfôrsituasjonen, importerte grovfôr og bidrog til å halda prisane nede. Det førte til at grovfôrseljande lukkejegerar frå andre stadar i landet slutta å ringa, sa Løvdal.

Godt i morselskapet

Konsernresultatet før skatt for Felleskjøpet Rogaland Agder enda på 89,1 millionar kroner, med ein samla omsetnad på 3,2 milliardar kroner. God drift i morselskapet blir halde fram som ei av årsakene til det gode resultatet. Dotterselskapa bidreg med 13 millionar kroner av det samla konsernresultatet. Det er 10,7 millionar kroner svakare enn året før. Saman med Norsk Naturgjødsel, som enda på minussida, falt resultatet i Fish4Dogs til eit overskot på kr 0,1 mill etter minoritet. Dette trass i at Fish4Dogs hadde ei auke i omsetnaden på 8,2%. Problem med eksporten til den største marknaden, Kina, grunna diskusjonar om helsesertifikat, har redusert salet og bidrege til svakt resultat. Både Fish-4Dogs og AM Nutrition har i tillegg satsa tungt på bygging av nye marknader.

John Deere toppar

Kraftfôrsalet auka med 2.000 tonn og enda på 387.500 tonn. Maskindivisjonen sette omsetnadsrekord i 2018 og bikka ein milliard kroner.

– Me gler oss over å ha teke tilbake leiartrøya når det gjeld traktorsal med ein marknadsdel på 24 prosent og at me har ein marknadsdel på 67 prosent når det gjeld mjølkerobot, kommenterer administrerande direktør, Per Harald Vabø, og heldt fram at FKRA siktar mot 30-talet når det gjeld marknadsdelen for John Deere. Årsmøtet vedtok eit kjøpsutbytte på 27 millionar kroner. Det utgjer 1,5 prosent av varegruppene som det er knytt bonus til.

Val:

Sveinung Svebestad fekk fornya tillit som styreleiar. Marianne Nordhus vart attvald til eit nytt år i nestleiarvervet. Anna Henriette V. Eikje og Roar Grødeland vart attvalde som styremedlemmar for to nye år. Trygve Anders Tønnestøl Gundersen (ny) er første vara til styret. På dei to neste plassane følgjer Odd Sande (attval) og Silje Kristin Bekkeheien (ny).

 

Stikkord denne saka: