Slik profilerer Stiftelsen Norsk Hjortesenter seg. Senteret er lokalisert på Svanøy i Sogn og Fjordane, og er nasjonalt senter for hjort, både hjort i oppdrett og for vill hjort og jakt.

Liv Kristin Sola

På Svanøy har Norsk Hjortesenter rundt 120 hjort og 100 dåhjort i oppdrett. I beitesesongen er hjorten avhengige av gode beiteområder. Både hjort og dåhjort vert slakta på rundt 17 månadar, på eige godkjent slakteri som dei har på senteret.

 

Les meir om hjorten og Norsk hjortesenter i Bondevennen nr 37.

 

Bilete av hjort.

100 prosent ekte vare på Svanøy. Solheim erfarer at folk er villige til å betala for det som er ekte og gjennomført.

Nærbilete av hjort.

Det er stort potensiale og gode utsikter for dei som vil starta med oppdrett av hjort, ifølgje Solheim. Etterspurnaden etter norsk hjortekjøt er mykje større enn det som vert budd fram i butikkane.

Nærbilete av dåhjort.

Hjort og dåhjort går adskilt i store hegn.
– Dåhjorten er mindre kresen og utkonkurrerer hjorten om dei går på same beite, fortel Johan Trygve Solheim, dagleg leiar for Norsk Hjortesenter.

Unghjort i oppdrett.

Unge og nyfikne årringar. Hjort i oppdrett vert merka og registrert, slik som i andre husdyrproduksjonar.

Utsikt til natur frå fôringsplassen til hjortane.

Utsikten er det ingenting å seia på frå fôringsplassen til hjortane.

Fôringsplass under tak.

Fôringsplassen for grovfôr er under tak. I bakgrunnen står små fôringstrau for korn og kraftfôr. Legg merke til kostane på veggen til høgre i bilete. Eit ekstra velferdstilbod.

Ein hjort et kraftfôr.

Om vinteren vert dyra tilleggsfôra med eigeprodusert grovfôr supplert med litt korn og kraftfôr, gulrot og potet.

Hjorten trivst godt saman med folk. Henk van der Molen har vore med og bygd opp Norsk hjortesenter til det det har blitt i dag; eit nasjonalt kompetansesenter for hjort.

Hjorten trivst godt saman med folk. Henk van der Molen har vore med og bygd opp Norsk hjortesenter til det det har blitt i dag; eit nasjonalt kompetansesenter for hjort.

Johan Trygve Solheim sitter inni gravemaskinen.

Johan Trygve Solheim har dyrka opp og restaurert totalt 120 dekar jord, for å få nok areal til å vera sjølvberga med grovfôr gjennom vintersesongen.

To sauer av skotsk svartfjes slappar av på grøn mark.

Lamma tek det heim rett etter slakt for å ta seg av mørningsprosessen heime på garden.

Skotsk Svartfjes, sauerase. Sau saman med to lam.

Skotsk svartfjes er ein hardfør utegangarsau som passar godt til å rydda kulturlandskapet rundt hjortehegna på øya.