BN+

Planting: Lærar Guri Kristina Batta Bjørnstad viser Odd Geir Espedal, Irene Nesfossen og dei andre gartnarelevane korleis dei måler planteavstand når hodekålen skal i jorda.


Irene Nesfossen vil lære barnehageborn om jord og planter, Odd Arild Espedal vil dyrke frukt og frilandsgrønsaker og Ole Geir Skjæveland skal endeleg bli ekte gartnar. Då må dei først attende til skulebenken.


Anne Rivenes, frilansjournalist


– Eg har vore lyge-gartnar lenge nok, så no skal eg bli ekte gartnar, seier Ole Geir Skjæveland med ein rungande latter.


Han er kjent gjennom firmaet «Hagemaen » i Stavanger, og har ifølge eige utsagn juksa i faget i førti år. No tek han gartnarutdanning for vaksne på deltid over to år. Dei tretten i klassen hans har ni samlingar i året, kvar på tre dagar, i Ulvik i Hardanger.

Frå oljebransje til grønt skifte

– Det er intensivt dei dagane samlingane pågår, i tillegg til mykje sjølvstudium og oppgåveskriving, seier faglærar Guri-Kristina Batta Bjørnstad.


Gartnarutdanninga for vaksne ligg under Naturbruk ved Voss vidaregåande skule, men undervisning og praktiske øvingar er lagt til granneheradet Ulvik. Her finst gartneri og fagkompetanse i frukt, bær, grønsaker, blomeproduksjon og foredling.
I dag står klassen samla rundt ein gedigen plentraktor. Det er maskinfag på timeplanen, og ikkje lett å lausrive nokon til ein prat. Men Odd Arild Espedal spanderer på seg eit lite friminutt og fortel kvifor han som 50-åring set seg på skulebenken. Til vanleg jobbar Stavanger- mannen med elektrifisering og automasjon av maritime og landbaserte installasjonar.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE GRATIS

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.

Allereie digital abonnent? Logg inn her

På grunn av endring i abonnementssystemet 25.10.23 må alle abonnenter sette nytt passord for å lese låste artikler på nettsiden. Vi beklager bryderiet.
Se veiledning for å bytte passord her.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer. 

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.

Stikkord denne saka: , ,