Ingen tillit: Det som i utgangspunktet er eit sterkt enga sjement for dei verna sauerasane, har blitt til ein så stor og ufrivillig personkonflikt, at Ellen Gudmestad og Livar Ravndal no sender Varslingssak mot to personar i NSG.

Varslar om ukultur i NSG

2. juni 2023

Norsk Sau og Geit er prega av ein ukultur som både tilsette og tillitsvalde lar passere, av frykt for konsekvensane, hevdar Ellen Gudmestad og Livar Ravndal. – Problemet er at administrasjonen styrer styret, seier Ravndal.

Liv Kristin Sola

Ordskiftet mellom Fulgestadbrogete og Blæselaget (FBL) og leiinga i Norsk sau og geit (NSG) har i fleire år vore krast og prega av konfliktar. Ellen Gudmestad og Livar Ravndal blir i fleire samanhengar stempla som spesielt vanskelege. No varslar dei om det dei meiner er dårleg oppførsel hjå personar sentralt i organisasjonen.

– At enkeltpersonar får lov til å ta seg til rette og trakassere medlemmar og tillitsvalde, det er styret sitt ansvar. Det må få konsekvensar, seier Ravndal til Bondevennen.

Strid om kåringsreglar

FBL og NSG er ikkje einig om korleis dei skal drive avlen på dei verna rasane.

– NSG vil utvikle, vi vil bevare. Rasane er verna av ein grunn, seier Gudmestad.

– Vi vil ta vare på rasane med dei særpreg som gjer dei unike samanlikna med andre rasar. Vi skal ikkje ha ein NKS-light.

– Kåringsreglane vert stadig endra, og kåringslam blir vraka på grunn av eigenskapar NSG meiner er feil, utan at raselaget har fått seie si meining. Det blir feil, seier Ravndal. For raselaget handlar det om retten til å vere med å ta vare på særpreget ved dei to rasane.

– Det gir inga meining at dei verna rasane skal kårast etter tilnærma same mal som NKS. Men det er det som er i ferd med å skje, seier Ravndal.

Siste ordet

I 2017 vedtok årsmøtet i FBL ein rasestandard og kåringsreglar for rasane sine, etter ein grundig debatt. NSG har i ettertid endra kåringsreglane for blæsesauen, trass protestar frå raselaget, og årsmøtevedtak.

– NSG påberopte seg retten til å ha siste ordet og trassa årsmøtet sitt vedtak, seier Gudmestad.

– Då måtte vi slå neven i bordet, seier Ravndal.

– Vi har fått beskjed, både munnleg og skriftleg, at dersom vi ikkje er einige, er det alltid avlssjefen/avlsrådet som har siste ordet. Det gir ikkje eit godt samarbeidsklima.

I ein e-post frå desember 2020, skriv NSG at dei har fått tildelt ansvaret for alt avlsarbeid på sau og er dermed ansvarlege for kåringsregelverket. Kven som har gitt dei dette ansvaret, har FBL ikkje fått svar på.

– Skal vi klare å ta vare på dei verna rasane, må vi som kjenner rasane få innflytelse på avlsarabeidet, gjennom raselaga. Elles er det meiningslaust, seier Ravndal, og dreg ei samanlikning til dei bevaringsverdige storferasane.

– Det hadde blitt reaksjonar om Geno kravde siste ordet i diskusjonar om rasestandard for desse.

Uønska som kontaktpersonar

Etter eit møte i 2017, får styret i FBL ein e-post signert styreleiar i NSG. Raselaget får tilbod om ny kontaktperson i NSG, men berre dersom kontaktpersonen i raselaget ikkje var Gudmestad eller Ravndal, som då var sekretær og leiar for laget.

Svar frå NSG

Bondevennen har førelagt kritikken frå personane i denne saka til NSG. Generalsekretær i NSG, Lars Erik Wallin, svarer i ein e-post:

«Vi konstaterer at det er faglig uenighet mellom Norsk Sau og Geit og enkeltpersoner. I Norsk Sau og Geit har vi et faglig ansvar for alle raser og bygger arbeidet på praksis, erfaring og god faglig dokumentasjon, samt likhetsprinsippet. Å betegne faglig uenighet som ukultur er i beste fall upresist.
I varslingssaker er det klare retningslinjer for hvordan de skal behandles, og det er flere parter involvert. Varslingssaker er naturligvis noe Norsk Sau og Geit tar alvorlig, og behandler med det største alvor internt, men vi debatterer selvsagt ikke slikt i offentligheten.
Her og nå har Norsk Sau og Geit ikke noe ønske om å kommentere de fremlagte påstandene ytterligere.»

– Det er spesielt når sentralstyret blandar seg inn i kven som skal ha tillitsverv i raselaga, seier Ravndal.

– Vi må kunne vere ueinige i sak, men dette er trakassering, seier Gudmestad.

To dagar seinare kom ein ny e-post kor styret presiserer at det berre gjeld i spørsmål om avl og semin.

– Det er heilt klart at nokon har sett litt av galskapen, og gitt beskjed, seier Gudmestad.

Dei meiner det beste for avlsarbeidet på dei verna rasane, er om kontakten med NSG går via Norsk Genressurssenter.

– Samarbeidet med Genressurssenteret var veldig bra. Men i 2018 tok det brått slutt, seier Ravndal.

Blæset sau. Foto: Ellen K. Gudmestad

Ekskludert frå NSG

I 2021 tok saka ei uventa vending. I eit rekommandert brev, valde NSG å seie opp samarbeidsavtalen, og alt samarbeid, med Fuglestadbrogete og Blæselaget, med verknad frå februar 2022.

– Det kom som lyn frå klår himmel, seier Gudmestad.

Seinare fekk dei vete at saka var kjent blant enkelte medlemmar i NSG, før styret i FBL vart informert. Konsekvensen av brotet er at det ikkje lenger er raselaget som fremmar kandidatar til semin. Laget vert også fråteke 200 kroner per medlem, i samarbeidsstøtte (gjeld medlemmar som også er medlemmar i NSG).

– Korleis kan NSG gjere eit slik vedtak utan å snakke med oss? Forstår dei ikkje at dette råkar deira eigne medlemmar? For med dette vedtaket ekskluderer dei ikkje berre raselaget, men også våre 270 medlemmar, frå å påverke avlsarbeidet gjennom sitt eige raselag. 235 av medlemmane våre var på det tidspunktet òg medlemmar i NSG, seier Gudmestad.

Ho meiner at NSG med dette nører opp under diskusjonen om at det er ting som ikkje toler dagens lys.

Kven sponsar kven

Ifølgje Gudmestad og Ravndal, er det skapt eit inntrykk av at avlsarbeidet for dei verna rasane er sponsa av NSG. Det får dei ikkje til å stemme, og i 2017 ba dei om å få sjå tala.

– Då tok det fyr, seier Gudmestad.

– Vi trefte heilt klart eit ømt punkt, og vart skjelt ut offentleg, då vi spurte direkte om dette, seier Ravndal.

I eit seinare teams-møte fekk dei presentert tala, under overskrifta «Seminregnskapet for smårasene».

– Det var mange som stussa, og vi var fleire som tok bilete av plansjen. Det viste seg at kostnadane representerte totalkostnadane for avlsarbeidet, medan inntektene gjaldt smårasane, seier Gudmestad.

– Blir vi bevisst lurt? Kvifor ikkje berre legge fram tala og få saka ut or verda?

«Det er spesielt når sentralstyret blandar seg inn i kven som skal ha tillitsverv i raselaga.»

Livar Ravndal

Har kosta

– Vi har ofte tenkt at det kanskje er oss som er «galne». Men vi får så mye støtte, mange telefonar og meldingar frå kjende og ukjende, som seier akkurat det same. Men svært få tør seie ifrå. Av frykt for konsekvensane det kan ha, seier Gudmestad.

Ho forstår det, langt på veg, og innrømmer at den fastlåste situasjonen og dei personlege åtaka har vore ei stor belastning.

– Vi har blitt utskjelt og trua. Det har kosta. Og vi har fått høyre at styreleiar aktivt har bede andre raselag om å ikkje samarbeide med oss, seier ho.

I fjor fekk styret i FBL tilfeldigvis innsyn i ein søknad som avlssjefen sende til staten for å søke om genressursmidlar for 2022.

– Der kunne vi lese udokumenterte påstandar om kva vi sa og meinte, samt eit budsjett med eit tidsforbruk knytt til å finne seminkandidatar som er langt over det vi nokon gong brukte, seier Gudmestad.

Tilbake til start?

Til slutt blei belastninga for stor, både for dei personleg, men ikkje minst for laget. Før årsmøtet i år stilte Gudmestad og Ravndal plassane sine til disposisjon, slik at laget kan kome seg vidare. I årsmøtepapira oppmoda sitjande styre medlemmane til å gjere om årsmøtevedtaket frå 2021, om at FBL ikkje signerer ein samarbeidsavtale som tek frå dei retten til å ha det avgjerande ordet for utviklinga av rasane. Årsmøtet gjekk inn for endringa.

– Det nye styret har signert den gamle samarbeidsavtalen med NSG, under visse vilkår.

– Då er de jo tilbake til start?

– Ja, på mange måtar, seier Ravndal.

– Men vi kan stå med rak rygg og vite at vi stod opp mot ein ukultur i organisasjonen.

Ravndal og Gudmestad håper andre også vil stå fram med sine erfaringar. Og krevje endring.

– Problemet er at makta ligg hjå administrasjonen og ikkje i styret. Det gjennomsyrer heile organisasjonen, men ingen tør ta tak i det, for dei ser konsekvensane, seier Ravndal.

Styret må rydde opp

I seinare tid har Gudmestad fått telefon frå tillitsvalde i andre raselag, som har blitt kontakta av styreleiar og oppmoda om å ta avstand frå Fuglestadbrogete og Blæselaget. Ho kallar det ein svertekampanje frå øvste hald.

– Det har gått så langt at enkelte personar har blitt åtvara mot å ha kontakt med oss. Det er vondt å oppleve. Eg skulle ønske vi heller kunne diskutere dette og kome til ei løysing, seier Gudmestad.

– Eg meiner det må rulle hovud i denne saka. Næringa kan ikkje ha ein organisasjon som ikkje er i stand til å rydde opp i problem. Slik har det vore sidan eg starta i styret. Og i løpet av dei siste ti åra har det vore fire ulike styreleiarar i NSG, seier Ravndal.

Eit samla styre

Gudmestad og Ravndal understrekar at alle vedtak som vart fatta og i all korrespondanse, var frå eit samla styre i FBL. Styret har heile tida hatt medlemmane i ryggen og medlemmane er informert gjennom brev og nett.

– Utan årsmøtet i ryggen, hadde ikkje styret hatt nokon grunn til å utfordre NSG med desse spørsmåla. Vi har aldri opptrådt på eigne vegne, understrekar Gudmestad.

Ho får støtte frå Ravndal. For sjølv etter alt som har skjedd, aukar medlemstalet i FBL kvart år. Det motsette er tilfellet i NSG. Folk blir lei og melder seg ut. Skal dei kome tilbake, må organisasjonen rydde i eigne rekker, meiner dei to.

– Eg skjøner ikkje at det går an

I fjor sommar varsla Solfrid Bye om det ho meiner er ufin kommunikasjon frå ein tilsett i NSG. Ho måtte purre for å få svar.

Solfrid Bye i Steigarlaget kjenner seg igjen i det Gudmestad og Ravndal fortel. I fjor sommar var det ho som varsla. Først munnleg, seinare skriftleg.

– Det handla om svært ufin kommunikasjon frå ein tilsett. Eg snakka med fleire i sentralstyret, men ingenting skjedde, seier ho.

Etter null respons gjekk ho inn på NSG sine nettsider. Der fann ho dei etiske retningslinjene og retningslinjer for varsling, og sende eit varsel til fylkesstyret i Nordland NSG.

– Eg vurderte å seie frå meg leiarvervet (i Steigarlaget). Det var jo ikkje mange månadar etter at Fuglestadbrogete og Blæselaget vart ekskludert. Eg frykta det same kunne skje med Steigarlaget dersom eg varsla, men styret mitt støtta meg, seier Bye.

Solfrid Bye

Etter at ho varsla høyrde ho ingenting. Det var ingen som ringte, eller tok kontakt på anna vis. Bye rekna med at fylkesleiaren hadde sendt varselet vidare, men fylkesleiaren hadde informert generalsekretæren per telefon.

– Ein samtale han seinare nekta for hadde funne sted, seier ho.

I vår tok ho ikkje attval som leiar, men er framleis styremedlem i Raselaget for steigarsau. Etter kvart som tida gjekk, vart ho mest sint.

– Det finst ingen kultur for å handtere konfliktar og varslingssaker. Det er ingenting som er galt. Eg skjøner ikkje at det går an. At ingen tar tak i dette, seier Bye.

Ho meiner det er på høg tid organisasjonen tek ein open diskusjon rundt dette.

– Vi treng ei endring, seier Bye.