Stor, liten bonde: Pøbels siste verk i Stavanger skaper debatt.

Det synest når Pøbel igjen tematiserer bonden.

Bothild Å. Nordsletten

Det er lite som seier stolt, sjølveigande samvirkebonde i den løyndomsfulle kunstnaren Pøbel sitt siste verk.
Nesten heile den 3600 kvadratmeter store kornsiloen på Mølleneset i Stavanger er nå dekka av ein Felleskjøpetdresskledd, ihopsigen og tiggande bonde.
«Will work for food», er bodskapen på lappen han held i hendene. Og dermed har Pøbel, alt på dagen verket var ferdig førre helg, oppnådd eit av kunstens store mål: Å skapa debatt. Og litt ubehag. Bondevennen snusar opp Pøbel og spør:

– Kva ville du med dette verket?

– For meg så er det naturleg at verket spelar på lokasjonen og situasjonen kornsiloane er i – dei skal jo kanskje destruerast og byggast ein annan stad. Samstundes er ein avhengig av å ta imot korn frå både norske bønder og utlandet, kor det føregår store endringar, krig, energimangel, dyrtid og klimautfordringar. Det store og mest naturlege spørsmålet blir derfor om me tar det for gitt at forsørgarane fortsatt kan og vil forsørge oss.

– Kontrasten er stor mellom bonden på siloveggen og den stolte, handlekraftige bonden i matfylket Rogaland. Var det meininga å gi matfylket ein kilevink?

– Eg håpar jo at bøndene i Rogaland og i landet elles er stolte. Men det er jo ikkje tvil om at bøndene er ei av dei første samfunnsgruppene som opplever den veksande konflikten mellom effektiviseringsjaget i vår menneskelege kultur, og rytmen og grensene til naturen og dyr. Det må vera krevjande. Gjennom dei 25 åra eg har halde på, har det ofte vore ein raud politisk tråd i verka mine, om det er fiskeripolitikk, privatisering, distriktspolitikk, landbrukspolitikk, helse eller anna. Desse tema er ofte kompliserte, og kanskje ikkje dei mest attraktive. Eg som kunstnar sit ikkje med svara, men for meg så er dei iallfall heilt fundamentale tema. Og spørsmålet er jo, kven skal forsørga forsørgaren?