• Heile gjengen greidde klippa seg til første klippesertifikat. Foran frå venstre: Tor Inge Hustoft, Ruth Jane Rossevatn, Inga Lill Rossevatn. I midten: Terje Vatland (med caps), Lars Kristian Torsøe, Geir Sigbjørn Hobbesland (i svart), Sven Reiersen (instruktør) og Alf Gottfed Møll. Bakerst: Tor Henning Vatland, Roger Eikeland, Øystein Gilja (instruktør).

Vest-Agder Sau og Geit inviterte til klippekurs på sau. Unge sauebønder sørgde for eit fullteikna kurs.

Jane Brit Sande, Bondevennen

Alle foto: Vest-Agder Sau og Geit

– Det vart kjapt fullt på kurset, og det er så artig å sjå at det er flest unge bønder på kurset, fortel Helge Verdal, nestleiar i Vest-Agder Sau og Geit.

Ivrig gjeng

Medan andre bønder valfarta til oljehovudstaden for å beskue skinnande reiskap og traktorar, og mykje anna, på AgroVisjon i Stavanger, velde denne gruppa arbeidsame sauebønder å bruke denne helga til sau, sauefjøs, saueull, sauekolleger, sauedrøs, og saueklipp. Ti spente og håpefulle saueklipparar stilte opp hjå Audun Meland på Eiken, Hægebostad kommune, siste helga i oktober.

– Ni av deltakarane var mellom 17 og 35 år, og så hadde me ein på 50 år. Dei fleste var på kurs fordi dei ville lære og klippe eigne sauer.

Sven Reiersen og Øystein Gilja var hyra inn som instruktørar på kurset.

– Dei skrytte godt av deltakarane, og var imponert over kvaliteten på klippinga, seier Verdal.

– Nokon hadde aldri tatt i ein klippemaskin før, og det var heilt utruleg kor arbeidsame alle deltakarane var. Kursets yngste deltakar, Lars Kristian Torsøe, var ein av dei. Han strevde både fredag og laurdag, og laurdagskvelden blei tilbragt i sauefjøset heime for å tørrtrene på fotstilling og plassering av sauen. Det løsna skikkeleg for han på søndagen, det var så moro!

Freistar til gjentaking

Verdal er godt nøgd med interessa for klippekunsten. Det er ikkje første gong Vest-Agder Sau og Geit arrangerer klippekurs, men tidlegare har dei sett seg nøydd til å kansellera heile kurset grunna manglande påmelding. No har altså pipa fått ein annan lyd.

– Eg måtte seie nei til 5-6 stykker. Me hadde interesserte utføre fylket òg, seier han.

– Deltakarane var ikkje dei einaste som var positive til klippekurset. Me ringte rundt for å få litt psonsing, og me er takksame for velviljen. Me hadde med oss Nortura, FKRA, Fiskå Mølle, Fatland, Prima Jæren, Fjøssystem Vest, og Bryne Landbruksservice, seier Verdal.

Det vellykka klippekurset freistar til gjentaking, både for arrangørar og deltakarar. Med første klippesertifikat i boks, var det fleire deltakarar som ytra at dei var interesserte i kurs vidare. Alle deltakarane greidde nybegynnarmerket (klippa ein sau utan assistanse), medan Inga Lill Rossevatn, som hadde vore på kurs ein gong før, greidde sølvmerket (20 sauer på ein time).