For optimistar: Fjellandbruket er ikkje berre bratte bakkar, men òg fine flatar, som her i Alvdal. Foto Privat.
– Viktig å henge med optimistar
Eivind Langodden køyrde frå Alvdal i Nord-Østerdalen til Voss for å møte andre unge fjellbønder. – Det er viktig å henge med optimistar, folk med same interesse og mål, seier han.
Liv Kristin Sola
Det er 450 kilometer å køyre frå Alvdal til Voss – over Dovre, Sognefjellet og Vikafjell. Ikkje langt, om ein tek det som ein tur, meiner Eivind Langodden frå Alvdal. Heimturen legg 20-åringen om Hardanger, Stavanger og Kristiansand for å besøke kjende.
For Eivind er det viktig å halde kontakt med folk han trivst i lag med.
Les òg artikkelen:
Liv laga for fjellbonden
Liv laga: Eivind Langodden skal overta heimegarden i Alvdal som ligg på 500 høgdemeter.
Frå bås til lausdrift
Om få år skal han overta mjølkebruket heime i Alvdal. Garden ligg på 500 meter og har 125 tonn i grunnkvote – i båsfjøs.
– Planen er å bygge ut til lausdrift og bygge om båsfjøset, og auke produksjon. Og kjøpe mjølkerobot, brukt mjølkerobot, seier Eivind.
Mangel på areal er nemleg ikkje eit problem for den unge alvdølen. Då naboen nyleg slutta med sauehaldet, fekk familien til Eivind leige jorda på 90 dekar dyrka. No driv dei grasproduksjon på 320 dekar.
Den unge bonden har eit godt utgangspunkt for å auke mjølkekvota når han ein dag overtek garden. Men aller helst skulle han sett at dei var fleire som såg ei framtid i jordbruket.
– Når nabo etter nabo legg ned, så dør bygdelivet. Litt etter litt, seier Eivind.
Lyst til å setre
Garden har òg ei seter som ikkje har vore i drift til anna ein sauebeite dei siste åra. Eivind har eit håp om ein dag å sette i stand att setra og ta med seg nokre kyr til fjells.
Men først blir det geit med NoFence-klavar for å halde landskapet ope etter at sauene ikkje lenger beitar i området.
«Utan politisk vilje er det vel heller ikkje liv laga.»
Eivind Langodden
Eivind har jobba heime på garden etter at han var ferdig utdanna agronom i sommar. No er planen å ta anna arbeid for å tene seg opp litt kaptial til han skal overta heimegarden.
– Kvifor vil du vere bonde?
– Sei det … det ligg vel i blodet, seier 20-åringen, som er mellomst av tre sysken.
– Lønsemd er utan tvil ein viktig faktor. Men eg har vel trua på at det går an å få det til å bli lønsamt.
Eivind siktar til auka merksemd på beredskap og auka sjølvforsyning. Men veit at framtida hans som bonde er avhengig av politisk vilje til å oppretthalde matproduksjonen også i fjellregionen.
– Utan politisk vilje er det vel heller ikkje liv laga, seier han.
Langodden gard: Langodden ligg like ved Glomma, Norges lengste elv. På garden har dei òg sju hytter til utleige, samt campingplass til bobil. Foto Privat.
Inspirasjon frå andre
Eivind angrar ikkje at han tok turen til Voss. Spesielt dei tre gardsbesøka var interessant å få vere med på.
– Det var flott å sjå korleis dei har løyst det. At dei har brukt eksisterande bygg, men gjort det på så ulik måte. Heime er alle nybygg ganske standardiserte, heilt like. Så det var fint å sjå andre løysingar, seier han.
Den unge fjellbonden reiser heim frå Voss litt rikare på inspirasjon etter med andre unge bønder som trur på ei framtid for jordbruket i fjellbygdene.
– Det er viktig å henge med optimistar, folk som har same interesse og mål, seier Eivind.
Ung Fjellbonde
Det er andre året fagsamlinga «Ung fjellbonde» blir arrangert. Arrangør er Nasjonalt senter for fjellandbruk. Målet er å motivere unge bønder i fjellbygdene til å tenke nytt og bærekraftig om framtida. At gi neste generasjon fjellbønder ein møteplass kor dei kan snakke om felles utfordringar og moglegheiter. Og motivere kvarandre.
