HØYR!
– Viktig med eit levande eigardemokrati
Me oppmodar bønder til å ta med kona eller neste generasjon på garden.
– Me ser at mykje av engasjementet har flytta seg til kommentarfelta i sosiale media. Me vil heller ha dette inn i eigarmøta, seier Torgeir Erfjord, direktør landbruk i FKRA.
Jane Brit Sande
Hausten er tid for dei årlege medlemsmøta i Felleskjøpet Rogaland Agder (FKRA). I år vil det også vere nokre endringar, seier Erfjord.
– For det første heiter det ikkje lenger medlemsmøte. No er det eigarmøte, korrigerer han.
Samvirket vil snu ein negativ trend. Talet på deltakarar på dei årlege møta har peika nedover – meir enn talet på bønder.
– Samstundes ser me at andre arrangement, som grasdemoar og fag- og temadagar, set den eine besøksrekorden etter den andre, seier Erfjord.
– Derfor vil me spola tilbake til tidlegare praksis, der me i tillegg til den formelle delen av programmet, hadde eit fagprogram med tidsaktuelt tema. Det er ingen revolusjon, men litt endring på struktur, seier han.
I tillegg skal eigarmøta i Time, Klepp og Hå slås saman til eit stort, på Undheim samfunnshus. I Etne, Kvinnherad og Grimstad skal FKRA prøve ut dagmøte med minimesse.
– Her har butikkane eigna lokale for desse møta. Derfor vil me i år prøva ut korleis eigarmøte i kombinasjon med traktorutstilling og gode tilbod i butikkane fungerer, seier Erfjord.
Alle eigarane har to stemmer, men stiller sjeldan med to representantar, seier Erfjord. Det er særleg lite kvinner på møta.
– Me oppmodar bønder til å ta med kona eller neste generasjon på garden. De må gjerne kome fleire enn to frå garden, også, men det gir ikkje fleire stemmer.
Han håpar på engasjement og meiningsutveksling.
– Me ser at mykje av engasjementet har flytta seg til kommentarfelta i sosiale media. Me vil heller ha dette inn i eigarmøta, slik at me kan formalisere det, seier Erfjord.
Den siste veka har det vore uro rundt Tine og Nortura. Erfjord fryktar ikkje at dette vil smitte over på FKRA.
– Det har også vore uro hjå oss opp gjennom åra. Dette er noko som svingar, påpeiker han.
– Det er viktig med eit levande eigardemokrati. Det er utruleg mange flinke folk blant eigarane, med formell kompetanse og med lang erfaring. Det er viktig at alle møter opp.
Erfjord fryktar altså ikkje usemje på møta.
– Eigarmøta er ein viktig institusjon i eigardemokratiet. Engasjement er berre positivt. Der meiningar bryt, tas dei rette avgjerdene, seier han.