Ny leiar: Mjølkeprodusent Peder Nernæs er valt inn som leiar av Hordaland Bondelag.

Spådommane til mjølkeproduksjonen i fylket er urovekkande, seier Peder Nernæs, nyvald leiar av Hordaland Bondelag.

Jane Brit Sande

Peder Nernæs vart vald av eit samla årsmøte førre veke. Mjølkeprodusenten frå Mundheim i Kvam herad har frå før vore lokallagsleiar i Strandebarm-Tørvikbygd Bondelag i fire år.

Truga mjølkeproduksjon

Avtroppande fylkesleiar, Kjetil Mehl, viste i årsmøtetalen sin til ei undersøking der 100 mjølkebønder i Hordaland seier at dei truleg vil legga ned produksjonen i løpet av fem til ti år.

– Det er urovekkande, seier den nye leiaren.

– Alle produksjonar er avhengige av distriktslandbruket. Dersom det ikkje er politiske føringar for landbruk i distrikta, går det mot sentralisering.

Nernæs seier han vil stå på for å berga mjølkebøndene. Det er ikkje landbruket sjølv som har stått i spissen for sentraliseringa, meiner han

– Me har spelt inn distriktslandbruket på dei arenaene det har vore mogleg, blant anna i jordbruksforhandlingane, og me har bedt om ein større strukturprofil på investeringsmidla.

Nernæs meiner både teknologi og kvoteprisar har bidrege med strukturdrivande effekt.

– Det har også vore kostnadsauke på bygg, og investeringsmidlane har ikkje fylgt denne utviklinga, seier han.

Møter forståing

Små teigar, bratt og vått. Slik beskriv Nernæs det typiske landskapet hordalandsbøndene må handskast med.

– Landskapet vårt har sine plussar og minusar. Både forbrukarar og samfunnet generelt forstår at det er dyrt å driva landbruk på slike naturpremissar. Men me manglar litt frå politikarane. Me treng meir enn flotte ord i talane, seier han.

I si helsing til årsmøtet snakka ordførar i Kvinnherad kommune, Peder Sjo Slettebø (H), varmt om bøndene og landbruket si betyding for dei andre næringane, særleg reiselivet i kommunen.

– Det var veldig flott å høyre at han var så tydeleg på verdien av distriktslandbruket og landbruket si rolle i kommunen. Me vonar han tok det med seg til landsmøtet i partiet, der han var på veg, seier Nernæs.

Må vere lønsamt

Mange haugar og bakkar gjer at matjord står unytta i Hordaland.

– Bønder er gode til å rekna, og gjer for det meste dei tinga som er lønsame. Når jord står ubrukt er det ofte ein økonomisk grunn til det, seier Nernæs.

Meir synlege

Ved neste årsskifte blir Hordaland slått saman med Sogn og Fjordane. Landbruket i fylka har mange samanfallande interesser.

– Bønder, produksjonar og bruksstorleik er nokså likt. I begge fylka er det også mange båsfjøs, små teigar og bratt landskap, seier Nernæs.

Éin ting ser han særleg fram til å verte del av.

– I Sogn og Fjordane har landbruket eit større avtrykk i fylkespolitikken. Her i Hordaland står marin næring veldig sterkt, og tek mykje fokus. Eg ser fram til  at landbruket skal bli meir dominerande i næringslivet og fylkespolitikken, seier Nernæs.

Bondelaga i dei to fylka har kome fram til ulike slutningar om kva som er den beste løysinga når Vestland fylke oppstår.

– Me har tenkt mange av dei same tankane, men har ulike standpunkt. Det er litt synd. No er det opp til Bondetinget å avgjere om fylkeslaga skal bli slått saman til eitt, eller om det skal halde fram med to. Uansett utfall blir me nøydde til å finne måtar å samarbeide på. Eg har trua på at me skal få det til, seier Nernæs.

Viktig mangfald

Nernæs vil arbeide for at Bondelaget skal vere ein organisasjon for heile landbruksmangfaldet.

– Nisjeproduksjonane er viktige ambassadørar mot konsumentane. I Bergen, til dømes, er det ein stor marknad for desse produksjonane, seier han og viser til Bondens Marknad, som er godt etablert.

Den årvisse Bergen Matfestival er også ein arena, der lokalmat frå både sjø og land blir løfta fram.

– Det er flott å sjå kva produsentane får til. På kort tid har produsentar frå Hordaland vunne prestisjetunge prisar, som i Oste-VM og i Det Norske Måltid, seier han.

– Og REKO-ringane er eit flott tilskot som salskanal for nisjeprodusentane.

Fylkesleiaren er samstundes tydeleg på kva han meiner er førsteprioritet.

– Struktur- og distriktsprofilen, sjølvsagt!