Anita Stangeland, Anbjørn Grønning, Jon-Magne Egeland, Ruben Nodland og Karl Inge Hyggen dannar styret i Dalane Young Farmers, saman med Trond Tengesdal og Nils Ørjan Hamre.

Anita Stangeland, Anbjørn Grønning, Jon-Magne Egeland, Ruben Nodland og Karl Inge Hyggen dannar styret i Dalane Young Farmers, saman med Trond Tengesdal og Nils Ørjan Hamre.

 

Eit ynskje om ein arena der unge bønder kunne møte andre som brenner for landbruksfaget, var motivasjonen for å danne Dalane Young Farmers.

 

Jane Brit Sande

 

– Utruleg «gilt» å sjå at det var så mange som ville koma, seier Anbjørn Grønning, leiaren av Dalane Young Farmers. Fyrste møte blei heldt i slutten av mai.

God bonde

Med seg i styret har Anbjørn seks andre, og dei deler engasjementet og kunnskapstørsten.
– Me vil ha meir kunnskap om landbruk og gardsdrift, for å heile tida bli betre bønder, fortel dei. Med draghjelp frå både Jæren Young Cowboys, Lista Young Farmers og næringsutviklar Kenneth Bakkehaug hjå Fylkesmannen i Rogaland, gjekk eldsjeler saman og danna eit styre, og fekk arrangert fyrste samling.
– Her får me treffe andre som er på same nivå fagleg, og me blir kjent med andre her i området. Når me har vore på møter med dei vaksne, har det ofte vore tungt fagstoff som gjer det vanskeleg å følgje med. Det er ikkje alltid det er like lett å vere den som stiller dei dumme spørsmåla, held dei fram.
Dalane Young Farmers håpar fleire vil finne vegen når neste samling blir arrangert til hausten.