Leiar: Konrad Kongshaug frå Averøy er ny fylkesleiar i Møre og Romsdal Bondelag.

Landbruket skal ta sin del, men forbruksmønsteret vårt har større skuld i klimaendringane enn kua og myra, meiner den nye fylkesleiaren i Møre og Romsdal Bondelag.

Sjur Håland

Konrad Kongshaug frå Averøy tar over leiarklubba i Møre og Romsdal Bondelag etter Oddvar Mikkelsen, som takka nei til attval etter tre år i vervet. Fylket er det største matfylket i landet om ein reknar matproduksjon frå både havet og jorda. 41-årige Kongshaug driv sjølv med spesialisert kjøtproduksjon med ammekyr og 150 NRF-oksar til oppfôring. Trebarnsfaren er gift med Magnhild Slatlem, som driv eigen gard med robotfjøs, 400.000 liter i mjølkekvote og full framfôring.

Rekanaliseringa uroar

Fartstid som tillitsvald skortar det heller ikkje på. Kongshaug har blant mykje anna vore leiar i Averøy Bondelag sidan 2013. Han har sete i representantskapet i det som var Møre og Romsdal Felleskjøp og har vore utsending til årsmøtet i Felleskjøpet Agri sidan fusjonen. Ein periode som kommunestyremedlem har det også blitt tid til. I fylkesstyret i Tyr Møre og Romsdal hadde han sete frå 2014 fram til årsmøtet i 2019.

– Så litt erfaring har eg frå før, seier han til Bondevennen.

– Du tek over leiarvervet i ei uroleg tid for landbruket. Kva er det som gjer deg mest uroleg?

– Rekanaliseringa, at vi nå flytter husdyra frå grasdistrikta til sentrale område, likar eg dårleg. Vestlandet tapar terreng og kjem under press. Denne trenden må vi stoppe, og om nødvendig reversere. Skal vi ta i bruk heile landet til matproduksjon, må vi styrke kanaliseringspolitikken.

– Kva er det som motiverer deg til å leia fylkeslaget ditt det komande året?

– Eg har eit sterkt engasjement for landbruket. Vi har hatt periodar i næringa der mykje har vore negativt. Eg har tru på framtida og vil vera med å leggja eit grunnlag slik at også komande generasjonar vil ha denne framtidstrua. Vi må vera positive og optimistiske. Gardsbruka og ressursgrunnlaget hjå den enkelte bonden kan vera forskjellig, men om personane på garden har det som skal til, kan landbruket få til det utrulegaste.

Mat på myr

– Det er mykje myrjord i Møre og Romsdal. I følgje Bondelaget si heimeside er myr einaste dyrkingsmuligheit svært mange plassar i fylket ditt. Kva blir konsekvensane av eit eventuelt myrdyrkingsforbod?

– Heile myrproblematikken er heilt feil vinkla, etter mitt syn. Saka er ikkje godt nok belyst. Sverre Heggset i NLR her hjå oss har til dømes vist at det er måtar å drifte myr på som gir mindre utslepp enn å la ho ligge i ro. Eit myrdyrkingsforbod vil gi store konsekvensar. Ikkje berre for Møre og Romsdal, men for dei fleste fylka og kommunane i heile landet. Skal vi dyrke meir mat i Norge, må vi bruke dei areala som det er mogleg å dyrka mat på. Løysinga i høve til dei norske klimautsleppa ligg neppe i myrane eller det norske landbruket elles. Klimautfordringane handlar nok meir om den norske velstanden og levemåten.

Treng marknadsbalanse

– Du driv sjølv med ammeku. Presset mot raudt kjøt aukar, samstundes med at marknaden ser ut til å nærma seg balansepunktet i høve til den norske produksjonen. Er du uroa?

– Ja, det er klart eg blir litt uroa. Vi som produserer maten må likevel heile tida syta for å halda marknaden i balanse. Det dyraste som finns er overproduksjon. Når det gjeld sau, ser det ut som at det kan bli marknadsbalanse i år. På storfekjøt, skal vi følgja med, og passa oss vel for å koma i ein situasjon med stort underskot igjen. I fjor gav vi frå oss 1600 tonn i varig import. Med det har ein svært stor verdiproduksjon for Norge, gått tapt.

Rett fram

– Det blir sagt at du er klar i talen og rett fram. Treng landbruket å vera meir på hogget i møte med storsamfunnet?

– Ja, landbruket må vera tydeleg og seia ting rett ut som det er. Vi treng å fronta klare mål på kva vi vil framover. Møre og Romsdal Bondelag har 3.300 medlemmar fordelt på 40 lokallag. Etter regionreforma blir fylket klemt mellom to større fylkeslag. Vestland og Trøndelag.

– Korleis skal de greia å målbera Møre og Romsdal-bøndene sin stemme?

– Møre og Romsdal er eit stort landbruksfylke. Vi har hatt tydelege og sterke leiarar opp gjennom åra. Det blir ei bratt læringskurve for meg. Men eg har ein strategi, eit godt styre og eit godt organisasjonsapparat som veit å jobba målretta og aktivt. Då blir det for meg å greia løfta fram bodskapen frå våre medlemmar på rett måte slik at vi blir høyrde.

Ikkje berre kua

Klimautfordringane blir ein del av fylkeslaget sitt arbeid i tida som kjem. Kongshaug er motivert til å også arbeide med desse problemstillingane.

– Ja, klima er og blir del av dagsorden. Landbruket må vera klar til å ta sin del. Heilskapsperspektivet må belysast. Men det er viktig at vi ikkje gløymer at folks levesett og forbruksmønster påverkar klimaet. Om ein tar ein tur til Gardermoen og ser på utviklinga der dei siste tiåra, kan ein stilla spørsmål om det er rett å legge skulda på kua. Det er nok andre ting som også bør under lupa. Men, vi tar som sagt vår del, og må vera omstillingsvillege, seier Kongshaug.