Nye: Per Olaf Lundteigen vil ha nye, lokale samvirkeverksemder etablert under landsdekkande paraplyar, lik den opphavlege samvirkeorganiseringa. Her sel samvirkeføretaket Rymat SA produkta sine under Gladmat-festivalen i Stavanger.

Per Olaf Lundteigen legg breisida til mot landbrukssamvirket, matvarekjedane og politiske prioriteringar. Han vil flytta politikk, pengar og framtidsretta bønder mot meir lokal matproduksjon og etablering av mindre samvirkeverksemder.

Sjur Håland

Bonden og SP-stortingsrepresentanten frå Øvre Eiker i Buskerud har vore engasjert i landbrukspolitikk heilt frå då han var med og protesterte mot landbruket sine ramevilkår på Hitra i 1975, opprøret som førte til Opptrappingsvedtaket og ny giv for norsk matproduksjon. Den given er det lite att av, i følgje Lundteigen, som no kastar seg inn i debatten som har gått føre seg i Bondevennen dei siste vekene.

Eit rungande nei

– Har samvirket blitt slik det var meint å vera i høve til organisering og medlemsdemokrati?

– Svaret er eit rungande nei. Samvirket skal vera fellesskap, privat initiativ, éin eigar og éin stemme. Det er verken eit aksjeselskap eller eit sosialistisk føretak.

Lundteigen, som denne stortingsperioden er medlem av Arbeids- sosialkomiteen, er svært kritisk til at landbrukshistoria blir halde utanom pensum i dei fora der framtidas aktørar innan landbruket får si utdanning. Han meiner at bakgrunnen er viktig for å forstå landbrukssamvirket og bondemakta sin funksjon.

Per Olaf Lundteigen.
Foto: Stortinget

– Omsetningslova i 1936 kom i kjølvatnet av kriseforliket i 1935 då Bondepartiet og Arbeidarpartiet kasta partiet Venstre i 1935 grunna Venstre si undergraving av norsk landbruk gjennom å innføra billeg korn frå utlandet. Etter dette fekk bøndene marknadssmakt gjennom politisk støtte og samvirkeorganisering, seier Lundteigen.

Bondeeigd fellesskap

Landsomfattande organisasjonar som Norges kjøtt- og fleskesentral og Norske meieriers landsforening var overbygg for distriktsorganisasjonane som var lokale samvirkeverksemder innafor ramane av eit bondeeigd fellesskap.

– Det vart ein toledda organisasjon der distriktsorganisasjonane var ansvarleg for å setja i verk initiativ frå eigarane og syta for så høge prisar som råd.

Han brukar Drammen meieri som eit døme på ein distriktsorganisasjon.

– Meieriet hadde eigenkapital og god drift, noko som gav 50 øre literen i høgare utbetaling enn snittet. Ein annan grunn til suksessen var at du måtte gå fire rundar rundt meieriet for å finne inngangen til meieristyraren. Her var lite skil på folk, og minimalt med jåleri. Så kom kravet om éin pris over heile landet.

– Dermed vart den toledda organiseringa erstatta med konsernorganisering.

Lundteigen meiner Norgesgruppen har skjønt føremonene frå samvirket.

– Norgesgruppen er sjølve ørna i norsk varehandel, organisert med sterk topporganisasjon og franchiseavtalar på butikknivå. Forenkla kan ein seia at dette er ein toledda organisasjon. Norgesgruppen er fascinert over samvirkemodellen og privat initiativ, som dei har snudd på hovudet. Det er litt av eit paradoks. Pengane går til toppen, sjølvsagt, og ikkje til råvareprodusentane, seier han.

Tenar på importvernet

Matvarekjedane og handelen tener meir på importvernet enn den norske bonden. Det er kjent av dei som vil forstå, meiner Lundteigen, og forklarar:

– Norgesgruppen får stadig større marknadsmakt og presser Nortura til å nærast bli eit underbruk. Samstundes presser Coop Fatland til å også bli eit underbruk. Tine blir pressa på distribusjon. Det samla presset gjer landbrukssamvirket svakare og svakare kvart år. Dette kan ikkje halda fram. Matvarekjedane må ta større samfunnsansvar, presiserer Lundteigen.

For at det skal skje, må det koma ein politisk diskusjon i førekant. Marknaden er i endring. Forbrukarane etterspør meir naturleg, kortreist og trygg mat.

– Stadig fleire forbrukarar legg vekt på lokal mat og blir meir medvitne på samanhengane mellom sunn lokal mat, lokal drikke og helse, seier Lundteigen.

Pengar og politikk

Å oppretthalda mangfaldet av gardsbutikkar og lokale salsstadar, halde koken oppe og tene pengar for alle som produserer for denne nye marknaden, er vanskeleg, erfarer han. Pengar og politikk må følgja med.

– Korleis meiner du då at samvirket kan rustast for framtida?

– Nå skjer det enorme endringar. Matvarekjedane styrkar seg, medan Nortura er i trøbbel. Tine held koken men er under eit veritabelt press. Samstundes ser me ei oppblomstring av lokale matverksemder. Med friske midlar kan lokale samvirkeverksemder etablerast. Eigenkapitalen er eit nøkkelord.

– Nortura har ikkje meir eigenkapital enn dei treng, men noko av eigenkapitalen i Tine kan førast over til lokale meieriverksemder, for eksempel som langsiktige, rentefrie lån, seier Lundteigen.

Han legg til at det offentlege må stille opp med økonomisk stimulans til lokale samvirkeføretak uansett bransje. Lundteigen vil ha dei nye etableringane under landsdekkjande paraplyar, slik samvirket opphavleg var organisert.

– Dette krev politisk støtte, noko eg faktisk trur det er grunnlag for på Stortinget nå. Begeistringa for lokalmat er stor i alle leirar, også i Høgre og Framstegspartiet, seier han.

Han understrekar at dei eksisterande samvirkeverksemdene må halda fram.

– Men me er nøydde til å ta inn det som skjer rundt oss. Samvirket er ikkje rusta for framtida med dagens organisering.

Må dempa handelsmakta

Stortingsveteranen meiner at makta til handelsstanden kan dempast med brei støtte til etablering av nye samvirkeverksemder og fleire mindre utsal med særeigne, lokale produkt. Denne utviklinga må matvarekjedene sjå fordelen av.

– Kjedene må vera med og leggja til rette for denne utviklinga, visst ikkje, kjem stortingsfleirtalet til å splitta dei opp. Matvarekjedene er store, men må oppføra seg i tråd med samfunnet sine interesser. Gjer dei ikkje det, må demokratiet reagere.

Summen av slike endringar vil, i følgje Lundteigen, føra til større mangfald, medan prisane til bonden og matindustrien vil styrkast.

Elendig skulering

– Desse samanhengane er vanskelege å skjøna. Korleis vil du fremja kunnskapen og vekkja samvirkeeigarane sitt engasjement mot den retninga du skisserer?

– Me treng å koma saman og diskutere kor me står, kva me vil, og kva me skal gjera. Eg blir sjokka over korleis dagens samvirkeverksemder bruker sine ressursar på skulering. Denne skuleringa er elendig, heilt utan elementær historiekunnskap om emnet. Å skjøna samspelet mellom butikk og politikk er avgjerande. Etter 1994 har landbruksskulane utdanna lønsmottakarar, ikkje sjølvstendig næringsdrivande. Dette har organisasjonane akseptert. Det er på tide å snu.

For travelt

Lundteigen erfarer at bønder som satsar på yrket i dag har det så travelt at mange ikkje når anna enn eta, sova og arbeida.

– Å lesa aviser og delta i samfunnsdebatten er det ikkje tid til. Og i den grad dei engasjerer seg i landbruket sine tillitsverv, er det i for stor grad for å ivareta eigne presserande interesser. Kor er dei som har overblikk og som kan sjå dei lange linjene og sjå samanhengen mellom økonomi og politikk? Det er lite spørsmål etter personar med stortingserfaring i landbruket sine organisasjonar, for å seia det slik.