I rett sone?: Bønder i Rogaland og Agder meiner at soneinndelinga ikkje fungerer som den skal. Dei vil endre inndelinga. Illustrasjon frå Landbruksdirektoratet.

Tilskotssonene er eit viktig verktøy i kanaliseringspolitikken, men i Agder og Rogaland meiner bøndene at soneinndelinga ikkje fungerer som den skal. No vil dei røske opp i saka under årets Bondeting.

Jane Brit Sande

Agder Bondelag og Rogaland Bondelag har uavhengig av kvarandre spelt inn saker gjeldande dagens soneinndeling til årsmøtet i Norges Bondelag, og bedt om ei revidering av desse. Årsmøtet, eller Bondetinget, går av stabelen 15.–16. juni. Grunngjevinga frå begge fylkeslaga er at ordningane knytt til arealsonar ikkje i tilstrekkeleg grad jamnar ut dei reelle ulempene som gardanes ulike plassering gir.
Fylkesleiarane fryktar at saka blir sett på vent til Næringspolitisk program skal utgreiast igjen i 2024.

– Det blir for lenge å venta. Me må ha både avklaring og erfaringar om soneinndelinga innan dette arbeidet skal starte, seier Marit Epletveit, leiar i Rogaland Bondelag.

– Samstundes er arbeidet med å betre soneinndelinga tidkrevjande arbeid, som ikkje må gjerast forhasta, seier ho.

Det var bondelaga på Jæren som løfta saka om revidering av soneinndelinga på årsmøtet i Rogaland Bondelag i mars. Erfaringa til bøndene i regionen, som er i sone 2, er at bønder i andre sonar stig i inntekt takka vere nettopp kompensasjons– og tilskotsordningane.

Marit Epletveit

– Timinga er perfekt. Nå skal alle løftast, jamfør Hurdalserklæringa. Me treng ei revidering slik at alle vert løfta til eit meir likt nivå. Soneinndelinga sitt føremål er å jamne ut, styre og stimulere. Det kan gjerast på ein betre måte enn i dag, seier Epletveit.

Kornsonen

Tre kommunar i Rogaland er i sone 3 – den såkalla «kornsonen»: Bjerkreim, Gjesdal og Strand. I bondelaga i desse kommunane har også diskusjonen om soneinndelinga gått føre seg over tid.

– Dette er område som er betre kjent for utmarksbeite og gras, enn korndyrking i det heile, seier Epletveit.

Agder vil til 5B

Agder har i fleire jordbruksforhandlingar spelt inn at delar av fylket må flyttast over til sone 5B. I dag er heile fylket i sone 5A.

– Hensikta med å flytte nokre område, er å løfte bøndene i dalstroka og innføre. Her har dei utmarksbeite, små teigar og gjerne berre éin slått. Desse områda har meir til felles med til dømes Vestland, som er i sone 5b, enn kystområda i eige fylke, seier Knut Erik Ulltveit, leiar i Agder Bondelag.

Han er uroa for at stadig fleire mjølkekvotar får nytt liv i dei flatare kystområda i fylket.

– Me må kome utviklinga i forkjøpet. Det må vere interessant for komande generasjonar å driva gard i heile Agder, seier Ulltveit.

Han trur diskusjonen om endringar i soneinndelinga vil by på uro.

Knut Erik Ulltveit

– Det er viktig at ingen kjem tapande ut frå dette, understrekar han, og viser til tidlegare landbruksminister Jon Georg Dale sitt grep der han trekte ned sone 1 og 3 for å gi til og dele sone 5 i 5A og 5B.

– Men det vil vere umogleg å unngå at ei ny soneinndeling blir urettferdig for nokre. Dette er ein vanskeleg diskusjon, seier Ulltveit.

– Me må få ei inndeling som gjer at det indre deler av Agder blir løfta i ei høgare sone, samstundes som at resterande ikkje blir liggande i ei lågare sone enn i dag, seier han.