Smittande entusiasme: Ruben Eggebø (t.v.) og Birger Hetland vil hindre at mjølka flyt ut av Finnøy kommune. Mjølkeprosjektet i Finnøy har lukkast i å skapa ein samlingsplass for bøndene, og Eggebø og Hetland håpar prosjektet vil ha ein positiv effekt på framtidas mjølkeproduksjon i kommunen.

Finnøy legg seg i selen for å halda på mjølkeprodusentane i kommunen.

Jane Brit Sande

Ruben Eggebø er student på Universitetet i Stavanger, og i sommar har han hatt ein spesiell sommarjobb, på oppdrag frå Fylkesmannen i Rogaland. I heimkommunen Finnøy har han arbeidd for å løfte entusiasmen blant mjølkebøndene i kommunen.

– Finnøy kommune består av 16 bebudde øyar, og på alle øyane er det landbruksproduksjon. På fleire av øyane er det mjølkeproduksjon. Det er unikt, og me vil at det skal halde fram. Derfor sette me i gong Mjølkeprosjektet i Finnøy, med overordna mål om å hindre at mjølka flyt ut av kommunen, seier Eggebø.

Utnytte moglegheitene

I årets jordbruksavtale er det ei satsing på mjølkebruk med 15-30 kyr. Slike bruk er det mange av i Finnøy, i følgje Eggebø. Ei spørjeundersøking blant bøndene i kommunen syner at mjølkekvotane i Finnøy har eit snitt på kring 200 tonn.

– Blant mjølkebruka i kommunen, er det berre 20 prosent som har lagt om til lausdrift. I tillegg til fornyingsbehovet er det også ein høg snittalder på bøndene, seier han.

– Med Mjølkeprosjektet i Finnøy ville me spreie bodskapen om satsinga i jordbruksavtala, og få bønder til å begynne å tenke på moglegheitene og behova på eigen gard. Målet har aldri vore å få flest mogleg til å sette i gong med byggeprosjekt, men å spreie informasjon og skape entusiasme.

I Finnøy er mjølkeproduksjonen på 10,2 millionar liter. Ikkje verst for ein kommune med om lag 3200 innbyggarar.

– Fokuset i prosjektet har vore å skapa optimisme, og me har særleg retta oss mot unge og potensielle bønder, utan at me har sett ei nedre eller øvre aldersgrense på samlingane. Alle mjølkebønder i kommunen har vore inviterte til å vere med, seier Eggebø.

Prosjektet har arrangert fire samlingar, to av dei gardsbesøk. Det har vore 25-30 frammøtte på kvar samling. På samlingane har dei frammøtte fått informasjon om kva midlar dei kan søka på til nybygg, kvar dei må gå og korleis dei må gå fram. Samlingane har også i stor grad handla om nettverksbygging blant bøndene. Aldersspennet har vore mellom 17 og 60 år.

– Snittalderen på dei frammøtte på samlinga har vore lågare enn snittalderen på aktive mjølkebønder i kommunen, påpeiker Eggebø.

– I tillegg har det gjerne kome to generasjonar frå same gard. Det er veldig positivt.

Gode naboar mykje verdt

Birger Hetland er ein av bøndene i kommunen som har vore med på samlingane. Bonden driv med mjølk og sau på Helgøy, som er del av øygruppa Sjernarøy.
Sjernarøy har i dag 12 hentepunkt for mjølk.

– Me har eit sterkt miljø blant bøndene her på Sjernarøyane, og det vil me ha med oss i framtida også, seier Hetland.

Han meiner at mjølkeprosjektet er viktig for å engasjera framtidige bønder, ja, at det er avgjerande for framtida for landbruket i kommunen og på øyane.

– Ein god nabo er meir verdt enn ein større mjølkekvote, seier han.

– I eit godt samarbeid med naboane har eg tilgang til meir reiskap, kunnskap og evne, og me finn løysingar saman. Blir talet på hentepunkt på Sjernarøyane redusert til fem, blir miljøet svekka, og mjølka vil nok flyte ut av området. Nokon vil kanskje satse på ammeku eller sau i staden, men eg er redd bruka på sikt vil bli lagt ned, seier Hetland.

Han er også aktiv i lokalpolitikken og leiar i produsentlaget. I Finnøy kommune er landbruket ein av dei tre viktigaste næringane, saman med havbruk og turisme. Hetland meiner næringane gir positive ringverknadar til kvarandre.

– Skal turismen lukkast, trengst det eit aktivt landbruk i kommunen, slår han fast.

Vil leva vidare

Prosjektet starta i juni, og blir avslutta i oktober.

– Eg håpar me har skapt noko som nokon ser nytten i å vidareføra, seier Eggebø.

– Eg trur mykje av arbeidet som er sett i gong i prosjektet vil bli vidareført. No veit bønder om satsinga på 15-30 kyrs bruk, det blir ikkje gløymt. Men det aller viktigaste er synergieffekten, ein positiv effekt av samarbeid og samspel, og det har me lukkast med, seier Hetland.