Bergvegg: Å kjøre inn i ei rekke med rundballar er som å treffe ein bergvegg, meiner Statens vegvesen. Illustrasjonsfoto.

Statens vegvesen vil ha tryggare vegar. No ber dei grunneigarar som lagrar rundballar eller landbruksutstyr langs riks- og fylkesvegar om å rydda opp.

Sjur Håland

Om eigedomen din grensar til ein trafikkert veg i Sør-Rogaland, og du har plassert rundballar litt for nær vegen, kan det dukka opp eit brev frå Statens vegvesen i postkassen din. Seniorinspektør Bjørn Kristian Røyland frå Statens vegvesen forklarer kvifor dei nå vil gå systematisk til verks og rydda opp langs vegane.

Rundballar blir bergvegg

– Det handlar om tryggleik og visjonen om at ingen skal bli drepne eller hardt skadde i trafikken. Rundballar plassert langs ein trafikkert veg med høg fartsgrense er svært uheldig. Ei utforkøyring, der bilisten eller motorsyklisten treff rundballar, kan bli ei dødsulukke. Me reknar at å køyra med stor fart inn i ei rekke med rundballar er som å møta ein bergvegg. Dessverre har me opplevd dødsulukker, seier han.
Statens vegvesen opererer med sikkerheitssoner. Det betyr ei fri sone frå vegkanten på fire og ein halv meter om fartsgrensa er 50 kilometer i timen eller lågare. Sikkerheitssona er fem meter om fartsgrensa er 60 kilometer i timen. Ved 70-80 kilometer i timen er grensa sju meter, medan det vert rekna ei åtte meters sone dersom fartsgrensa er 90 kilometer i timen. Innafor desse sonene er det under inga omstende lov å lagra utstyr eller rundballar utan førehandsløyve frå Statens vegvesen.

Bjørn Kristian Røyland

Må ha godkjenning

– I tillegg til sikkerheitssonene er lagring av til dømes rundballar og landbruksutstyr langs veg også regulert etter veglova. Her er hovudregelen at det ikkje er lov å bygga, lagra eller plassera innanfor 50 meter frå rikseller fylkesveg utan godkjenning frå Statens vegvesen, påpeikar Røyland.
I kjølvatnet av ein informasjonskampanje, er frå 1. juni entreprenør ute på oppdrag frå Statens vegvesen. Entreprenøren skal systematisk kartleggja plassering av til dømes rundballar som er lagra i sikkerheitssona. Det er dei sterkast trafikkerte vegane i fylket, som E39 og Fylkesveg 44, som får førsteprioritet. Til saman 30 vegar i Rogaland skal etter kvart kontrollerast. Dette er vegar med fartsgrense 60 og oppover, med ein trafikk på meir enn 1000 bilar i døgnet.

Foto og brev

Kva skjer om de finn rundballar for nært vegen?
– Dersom me finn at plasseringa av rundballar er trafikkfarleg, blir situasjonen fotografert. Grunneigar vil så få fotografiet i posten, saman med eit notat frå oss, der vi ber om at rundballane blir fjerna.
Etter eit par månadar vil det bli kontrollert at pålegget blir følgt opp.
– Dersom det ikkje har skjedd, vil me ta kontakt med bonden for å finna ei løysing.
Kva med dei andre vegane i fylket?
– Sikkerheitssonene og veglova gjeld for heile landet, men ein landeveg med betydeleg mindre trafikk blir vurdert som mindre utsett enn hovudvegane med tett trafikk. No rettar me merksemda mot sikt og kollisjonsfare langs dei mest trafikkerte vegane.

Ikkje rundballereklame

Tekst og reklame langs vegen blir også kontrollert. Det gjeld også tekst på rundballane.
– Dette blir definert som ulovleg reklame, noko me ikkje er særleg glade i her hjå oss. Me har sett reklame klistra eller skrive direkte på rundballane. Denne reklameteksten er retta mot bilistane og utgjer ein tryggleiksrisiko, påpeikar Bjørn Kristian Røyland.