Styret i Sogn og Fjordane Bondelag: (F.v.) Ole Bjarne Hovland (nestleiar), Nils Magne Gjengedal (styremedlem), Anders Felde (leiar), Kari Sigrun Lysne (styremedlem), Gry Ingvild Agjeld (1. vara) og Olav Høyheim Einan (2. vara). Henriette Sunde (styremedlem) og Tor Arne Herstad (3. vara) var ikkje til stades. Foto: Marita Skeie.

Landbrukspolitikken dei siste åra har ført til ei stadig skeivare produksjonsfordeling mellom sentrale landbruksområde og distrikta. Prosessen er godt hjelpt av samvirka, Bondelaget og vestlandsbonden sjølv, meiner Anders Felde.

Liv Kristin Sola

Årsmøtet i Sogn og Fjordane Bondelag handla om vestlandslandbruket si utvikling og posisjon samanlikna med resten av landet. Spesielt etter 2014-oppgjeret har regionen tapt terreng i alle produksjonar, samanlikna med andre regionar. Vestlandet er bratt, blautt og bale, som det heiter. Dei naturgitte tilhøva gjer vestlandsbonden dårleg rusta til å henge med i volumjaget som har prega landbruket dei seinare åra.

Landbruksministeren må ta ansvar

Ein engasjert årsmøtelyd var klare på at Vestlandet ikkje kan sakke meir akterut på produksjon, i alle fall ikkje på beitedyr som sau og ammekyr, ei heller på frukt og bær.

– Hadde ministeren vore i salen i dag hadde eg sagt at vi ikkje har lukkast godt nok med produksjonsfordelinga i norsk landbruk, seier fylkesleiar i Sogn og Fjordane Bondelag, Anders Felde i sin årsmøtetale.

Han minner om at regjeringa i regjeringserklæringa har stadfesta at produksjonsfordelinga skal styrkast. Fylkesleiaren viser til den sterke auken av sau og storfe i kornområda. Han tek til orde for å innføre struktur for kornareala for å betre økonomien for kornbonden, spesielt på små og mellomstore bruk. Slik stimulerer ein også til meir korn og mindre gras, seier Felde.

– Vi argumenterer for at drøvtyggaren forvandlar gras til mjølk og kjøt ved å nytte grasareala. Dette argumentet held ikkje på kornjorda, seier Felde, som meiner det må vere lov å problematisere produksjon av raudt kjøt på kornjord.

Vil ta kampen internt

Han understreker at det er stor skilnad mellom kornområda og kornjorda, og inviterer til debatt internt i Bondelaget, om høve til å endre på soneinndelinga og tydelegare definere kva som er kornareal og grasareal i kornområda. Arealpolitikk er truleg det mest grunnleggjande i landbrukspolitikken, og det vil bli ei batalje internt i Bondelaget, skal vi tru Felde.

– Men den skal vi ta, seier fylkesleiaren, som har eit håp om at tida er mogen for å gi eit tydeleg signal om å stanse rekanaliseringa,før det er for seint.

– Skal vi få til ein truverdig debatt om raudt kjøt, må vi vere tydelegare om korleis vi nyttar areala våre og innrettar produksjonen, seier Felde.

Fylkesleiaren meiner Bondelaget prinsipielt må seie nei til storfekjøt på kornjord, og at politikken må innrettast slik at inntekta knytt ammeku og sau i desse områda svekkast på sikt.

– Ei sauedrift som ikkje nyttar utmarksbeite, må finne seg i svakare inntekt knytt til drifta si enn dei som nyttar utmarka, meiner Felde.

Vel vitande om at Bondelaget ikkje har tradisjon for å omfordele midlar mellom grupper, har Felde fremja forslag til tiltak spesielt retta mot arealsone fem til sju.

Attval for Felde: Anders Felde fekk fornya tillit som leiar. Han fekk skryt for å stille krevjande spørsmål og stå i stormen for bøndene i fylket.

– Vi føreslår stopp i investeringar til ammeku i heile landet i 2020, bortsett frå arealsone fem til sju. Vi føreslår også å opne for investeringstilskot til konvensjonell sau i same arealsoner, i 2020, seier Felde.

For å redusere import av soya, og samstundes tilby norske ingrediensar i veganske menyar, vil fylkesleiaren motivere til auka produksjon av proteinvekstar gjennom målretta tilskot.

– Vi må kunne tilby førsteklasses protein til både to- og firbeinte, seier Felde.

Spark til samvirke

Fylkesleiaren hadde også ein finte til samvirka.

– Hadde eg hatt styreleiarane i samvirka i salen hadde eg sagt at de er i ferd med å svikte i arbeidet med å utvikle landbruket regionalt, seier Felde frå talarstolen.

Noko av skulda må bøndene ta sjølve, meiner han, og samanlikna seg med jærbuar, trønderar og austlendingar. – Vi vestlandsbønder har dessverre hendene litt for langt ned i bukselomma. Vi er litt for treige.

Likevel ser han grunn til å minne samvirkeorganisasjonane om at sjølve grunnlaget for samvirka er importvernet – og eit landbruk over heile landet.

– Samvirka skal først og fremst selje varene våre. Men dei har også medansvar for å sikre at det finst utvikling og volum – også i Sogn og Fjordane.

Fylkesleiaren har merka seg at innsparingsprogram, etterbetaling og det han kallar blåruss-tankegang, i for stor grad har fått prege landbrukssamvirka. Han er uroa for om samvirka i ferd med å svikte litt på samfunnsoppdraget. Det er avgjerande at samvirka ser si rolle i kampen for å motverke sentralisering, meiner han.

Felde er skuffa over at samvirka har vist liten vilje til å bidra økonomisk til nyleg etablerte Storfeprosjektet Vestland.

– Storfeprosjektet er det viktigaste verkemiddelet vi har hatt for å sikre investeringar og utvikling innanfor mjølk og storfekjøt i fylket, meiner Felde.

Gjer meir for klima

– Hadde eg hatt alle bøndene her i salen i dag, hadde eg sagt at vi må strekkje oss lenger for å redusere klimaavtrykket på norsk matproduksjon, seier Felde.

Det trur han bøndene skal få til blant anna ved å nytte husdyrgjødsla betre, redusere utslepp til elvar og vatn, og slutte å spreie møk på gras som ikkje skal haustast. Målet er også reduserte utslepp gjennom betre drenering og auka avling.

– Vi skal greie dette, men vi greier det ikkje med avgifter og pisk. Vi må ha målretta verkemidlar, oppmoda Felde.