Treng hjelp av bønder: Isabelle Hugøy er i gang med doktorgradsarbeidet på Universitetet i Bergen. No treng ho hjelp av storfebønder på Jæren.

Isabelle Hugøy skal samanlikna korleis bønder i Noreg og på Costa Rica tilpassar seg klimakrava. Derfor vil ho koma i kontakt med storfebønder på Jæren.

Jane Brit Sande

 Isabelle Hugøy er i gang med sin doktorgrad i sosialantropologi ved Universitetet i Bergen. No treng ho draghjelp av storfebønder i sørvest.

– Eg er på Jæren for å gjere feltarbeid. Prosjektet mitt går ut på å samanlikna omstillingsprosessar i jordbruket i Noreg og Costa Rica, då med særleg merksemd på tiltak for å minska utslepp av klimagassar i næringa, seier ho.

– Costa Rica og Noreg – kvifor samanlikna bøndene her?

– Sosialantropologi er det samanliknande studiet av kulturar og samfunn. Tidlegare har eg gjort feltarbeid blant bønder som produserer kaffi i Costa Rica. No synest eg det er interessant å samanlikna Noreg og Costa Rica fordi begge landa jobbar aktivt mot det grøne skiftet på nasjonalt nivå, og jordbrukssektoren er ein del av dette arbeidet, seier Hugøy.

Klimakalkulatoren

I Noreg gjekk nyleg bondeorganisasjonane og regjeringa inn for ein klimaavtale om å redusera gassutslepp.

– Og i haust kom også Klimakalkulatoren, som førebels rettar seg mot mjølk og korn. Derfor vil eg koma i kontakt med alle slags storfebønder på Jæren; store og små, mjølk– og kjøtprodusentar, økologiske og konvensjonelle, seier Hugøy.

– I arbeidet vil det vere interessant å sjå korleis bønder held seg til det grøne skiftet. Endrar dei praksis på garden? Kva er bøndene sine tankar og opplevingar kring eit slikt skifte? Korleis stillar dei seg til matjord i denne konteksten?, seier ho.

Hugøy understrekar at ho held seg open og utforskande til det grøne skiftet.

– Eg skal ikkje vurdere om det bønder gjer er bra eller dårleg, rett eller galt. Eg ønskjer å fanga nyansane som ligg skjult bak polariserte debattar, som til dømes klimadebatten.

Deltakande observasjon

Hugøy ønsker å koma i kontakt med bønder som er villige til å la henne koma til gards for å gjera sitt feltarbeid.

– Såkalla deltakande observasjon er ein av hovudmetodane i faget mitt. Då følger eg bøndene over tid, tar del i oppgåvene, og spør litt undervegs, seier ho.

Ho ønsker å få vere med på arbeidet på forskjellige gardar eit par timar i veka per gard over fire månadar.

– Å delta og observera i den daglege drifta av gardar vil gje meg moglegheit til å lære om bønders kvardag, og såleis forstå betre korleis ting faktisk er på lokalt nivå. Dette er viktig fordi nasjonale tiltak, slik som klimaavtalen, tek ikkje nødvendigvis omsyn til lokale verkelegheiter. I tillegg skapar deltaking eit viktig grunnlag for å stille gode spørsmål.

Intervju

Hugøy ønskjer også å intervjue bønder.

– Kva med film, opptak og bilete? Vil det vere aktuelt?

– Ja, men berre viss eg får lov. Eg opplever at bønder er skeptiske til å sleppa meg inn, og det har eg forståing for. Eg er klar over at nokon har opplevd at folk har uærlege hensikter, seier ho.

– Som forskar har eg eit etisk ansvar for å verne om dei som er involvert i studiet. Personopplysingar og informasjon som blir innhenta, blir lagra trygt og anonymisert i den endelege doktorgradsavhandlinga.

Bønder som er interesserte i å ta del i arbeidet, eller vil ha meir informasjon, kan kontakta Hugøy på e-post Isabelle.Hugoy@ uib.no eller på mobil 472 62 114.

Share This