Vil vite: Landbrukspartnarskapen i Rogaland vil vite kva du trur vil skje på din gard i framtida. Foto: Istock

Korleis det står til med rekrutteringa og utsiktene for landbruket i Rogaland? Statsforvaltaren ber deg om å svara på ei spørjeundersøking.

Jane Brit Sande

Den regionale landbrukspartnarskapen i Rogaland vil ha kunnskap om kva bøndene i fylket tenker om framtida. Spørjeundersøkinga, som har fått tittelen «Mat må me ha – men tas bonden for gitt?», blir snart sendt ut elektronisk til alle rogalandsbønder som søkte om produksjonstilskot omgang oktober 2022.
Anfinn Rosnes, assisterande landbruksdirektør i Rogaland, håpar bøndene vil ta seg tid til å svara.

– Svara vil vere viktige for å kartlegga om det er evne og vilje til å satsa i landbruket i Rogaland i framtida, seier Rosnes.

– Me vil også nytta resultatet frå spørjeundersøkinga til å forsvara satsinga til Rogaland, eksempelvis korleis me vil prioritera midla som Innovasjon Norge deler ut, i åra framover, legg han til.

Spørjeundersøkinga blir sendt ut på e-post 17.-21. oktober. Svarfrist er 31. oktober. Deltakinga er anonym.

– Men me spør kva kommune de held til. Slik kan me kartlegga korleis stoda er i dei ulike kommunane og regionane i fylket, seier Rosnes.

Snart gjort

Rosnes seier at spørsmåla i spørjeundersøkinga er utforma slik at det skal vere lett å svara.

– Det skal heller ikkje ta mange minuttane å svara. Eg anslår maks ti minutt, seier han.

Døme på spørsmål er «Kva trur du er produksjonen på garden om 15 år» og «Kva trur du påverkar dine val dei neste 15 åra?».

– Svar ærleg om kva du trur vil skje på garden din. Ditt svar er viktig for at me saman kan ta gode val for å sikra rekruttering i matnæringa, oppmodar Rosnes.  

Sjekk e-postmappa for søppelpost!

Avsendaradresse for spørjeundersøkinga er «fmro_direktetilskot@statsforvalteren.no via Survey-Monkey». Husk å sjekka mappa for søppelpost om e-posten skulle koma der.

Den regionale partnarskapen

Partnarskapen består av Rogaland Bondelag, Rogaland Bonde- og småbrukarlag, Rogaland fylkeskommune, Innovasjon Norge Rogaland, Rogaland skognæringsforum og Statsforvalteren i Rogaland.