GMO-mais til Noreg? Gitt det geopolitiske bilete, bør det å opna for import av genmodifisert soya, mais (bilete) og korn frå USA vera ei smal sak, meiner administrerande direktør i Felleskjøpet Rogaland Agder, Per Harald Vabø. Foto: Istock

– Krigen i Ukraina gjer at me bør få oppheva GMO-restriksjonane og opna for import frå USA, seier administrerande direktør i FKRA, Per Harald Vabø.

Bothild Å. Nordsletten

FKRA importerer til vanleg råvarer, mineralar og gjødsel frå bade Russland og Ukraina. På spørsmal om korleis krigen i Ukraina påverkar handelen, seier Vabø at FKRA ikkje vil ha forsyningsproblem denne sesongen.

– Me har kjøpt inn alt me skal. Men vidare blir alt sett på vent, seier Vabø.

Han uttrykker uro for at høge og stigande energiprisar vil auka prisane på bade gjødsel og korn. Når handelen med Russland og Ukraina no også kan bli hindra, tar han til orde for at Noreg ser seg om etter andre marknadar. Også frå område som dyrkar GMO-produkt.

– Me har pålagt oss sjølv restriksjonar på GMO. Me bør no få dispensasjon frå regelverket og tillata import av til dømes soya, mais og ymse kornslag frå USA. Me må vera pragmatiske i å finna måtar å ta ned kostnadsbiletet på. Gitt det geopolitiske biletet, bør dette vera ein liten detalj.

Opnar for GMO: Per Harald Vabø, administrerande direktør i Felleskjøpet Rogaland Agder. Foto: FKRA

Mattilsynet om genmodifisering (GMO)

  • Genmodifiserte produkter består av, inneholder eller er fremstilt fra mikroorganismer, dyr eller planter som har fått endret sine arveegenskaper med moderne genteknologi.
  • Næringsmidler og fôrvarer produsert fra genmodifiserte organismer er ikke tillatt omsatt eller markedsført i Norge med mindre Mattilsynet har godkjent dette. Det finnes per i dag ingen godkjente mat- eller fôrprodukter under matloven. Dette betyr at det ikke skal forekomme produkter på det norske markedet som er merket med at de er genmodifisert eller inneholder genmodifiserte ingredienser.
  • Virksomheter som importerer mat-, fôr- og såvarer med risiko for innblanding av genmodifisering har ansvar for å følge det norske regelverket på området. Mattilsynet fører tilsyn med at regelverket etterleves gjennom å kontrollere importerte mat-, fôr- og såvarer.