Foto: istock.com

Vipa er her!

Vipa er Rogaland sin fylkesfugl, og det er i det opne landskapet ho likar seg best. I Noreg er vipa ein trekkfugl medan lengre sør i Europa lever ho i same område året rundt.

Vipa et mark, insekt og andre dyr som ho finn på bakken og i jorda. Ho legg egg på bakken og får eit kull i året. Vipene samarbeider seg i mellom for å beskytte reir og ungar.

Frå 1980-talet har bestanden minka med 75 – 80 prosent og vipa har i dag status som sterkt trua i Raudlista for arter. Med denne informasjonen lærer du meir om den folkekjære fuglen og får tips til tiltak du kan gjera i gardsdrifta for å få vipa til å trivast på jordene dine.

Denne informasjonen er utarbeida av Fylkesmannen i Rogaland i samarbeid med Bondevennen. Trykk her for å lasta ned brosjyren frå BV 7-2020.

Hekking, og ungar på farten:

  • Vipa kjem i starten av mars og hekkinga startar i midten/slutten av mars.
  • Vipa har ulike krav til område:
    • Til reir likar dei best svart jord eller kort gras.
    • For ungane er det ein fordel med litt skjul i gras, men området må framleis vera ope.
  • Vipa legg 2-4 egg per reir og ligg på dei 25-28 dagar før egga klekker.
  • Blir reira øydelagt eller egga tatt av rovdyr, kan vipa gjere eit nytt forsøk på hekking. Vipa har berre eit kull i året.
  • Ungane spring rundt 35-40 dagar før dei er flygedyktige.

Totalt tar det om lag to månader frå vipa legg seg på egga til ungane er på vengjene. Det er viktig med så tidleg hekking som mogleg fordi:

  • Ungar som er tidleg fødde har større sjanse for å overleve i vaksen alder, når dei først er komne på vengjene.
  • Ungane skal vera sterkast mogleg for å flyge sørover om hausten.
  • Tidleg hekking gir større og færre ungar når bonden startar slåtten.

Foto: istock.com

Ta omsyn i gardsdrifta

Våronn:

Gjødsling
  • Sprei gjødsel tidleg og unngå reira.
  • Skjerm reira for tjukk gjødsel med ei bøtte eller ein boks.
  • Ved bruk av slepeslangar, legg over ein tallerken/parabolantenne eller liknande, slik at slangen kan skli over.
  • Merk reira med ein pinne nokre meter ifrå for å unngå dei med traktoren.
Pløying
  • Pløy/gjennomfør jordarbeid så tidleg om våren som mogleg.
  • Køyr utanom vipereiret.
  • Flytt reiret forsiktig med ei spade (ikkje bruk hendene). Hugs å flytte det tilbake igjen.

Slått:

  • Hald god utkikk etter vipeungar.
  • Køyr sakte om du veit at det er viper i området.
  • Tenk gjennom køyremønsteret ditt når du slår. Gi vipeungane rom til å flykte.
  • Jag vekk/flytt vipeungane ut av enga om naudsynt.

Anna:

  • Set krav til innleigd hjelp og ha gode rutinar slik at andre òg kan vera med å ta vare på vipa.
  • Syt for å ha godt med jordliv i matjorda. Dette gir gode beiteområde for vipa.
  • Jakt på dei rovdyra som det er opna for å jakte på (rev, kråke, grevling, med fleire).
  • Sag ned tre rundt dyrka mark (hugs reglar for kantsone).
  • Mindre intensiv beiting av storfe på eng der det er vipereir.
  • Del kunnskap om vipa og oppmuntre andre til å vera med å verne om vipa.

Predatorar

  • Kråke (jaktbar 15.07. – 31.03.)
  • Ravn (jaktbar 10.08. – 28.02.)
  • Raudrev (jaktbar 15.07. – 15.04.)
  • Mår (jaktbar 01.11. – 15.03.)
  • Grevling (jaktbar 21.08. – 31.01.)
  • Måker
  • Huskattar
  • Traktor med slåmaskin

Foto: Arne Jostein Lyshol

Share This