• Geir Kyllingstad, Marknadssjef i TKS Agri, er spend på mottakinga på Euro Tier i Hannover, Tyskland.

Både fôringssystem og kombikuttar er på veg frå TKS og Kvernaland til landbruksmessa Euro Tier i Hannover.

 

Jane Brit Sande

 

TKS AS har nyleg inngått samarbeid med franske Kuhn, og skal frå tysdag 11. november breie seg på ein hundre kvadratmeter stor utstilling på i-mek messa Euro Tier – den største i verda i sitt slag.
–    Me har vore med på messa tidlegare, fyrste gong i 2005, men då har målet vore å visa oss fram til større aktørar, slik at me kan finna ein samarbeidspartner ut i den europeiske marknaden, fortel Geir Kyllingstad, Marknadssjef i TKS Agri.
K2 Combi Cutter, K2 Feed Robot, transportør, Feed Belt og Feed Hopper Junior er snøra fast i lastebilen, og på veg til Hannover i skrivande stund. Planen er å vere framme torsdag 6. november, messa startar tysdag.
–    Det er fyrste gong for oss at å nå kundar er hovudmålet med deltakinga messa, og fyrste gong me gjer det i samarbeid med Kuhn. Me deltek med omtrent alt me kan tilby. På utstillinga vår vil maskinane vere sett saman, slik at me kan vise korleis dei skal fungere, fortel han.

Håpar på suksess

–    Me er avhengige av at Kuhn ser at det er marknad for å selje TKS sine produkt, svarar Kyllingstad på spørsmål om kva som er suksesskriteria for samarbeidet.
TKS er allereie i gong med å sette opp eit anlegg i samarbeid med Kuhn, på Jæren. 13 maskinar skal svive i dette anlegget.
–    Det er viktig at dei anlegga me sett opp ,at det fungerer slik det er meint frå starten, fortel Kyllingstad.
Euro Tier vil i år ha eigen hall for automatisk utfôring, der TKS òg vil vere med. Det er venta 200.000 besøkande til messa, der meir enn 2.500 utstillerar vil vere på plass.