BV nr 20 – 16. juni 2023
BV nr 20 – 16. juni 2023
BV nr 20 – 16. juni 2023
Miljødirektoratet sin ferske rapport Klimatiltak i Norge mot 2030 legg opp til kraftig kutt i kjøtforbruket for å nå klimamåla. – Ikkje noko særleg å få denne rett i fleisen, seier Gry Ingvild Agjeld, leiar i Vestland Bondelag.
Om navlestrengen ikkje tørkar inn slik den skal, vert det ein inngangsport for bakteriar som kan gi infeksjon i navlen, eller i ledd og lunger.
Så glapp det igjen. Kua var i brunst, du rakk berre ikkje å sjå det. Men det finst system som vaktar brunst både for mjølkekyr og kjøtfe, i lausdrift og på bås.
Eller begge delar? Er det mogleg å tørke ei eng ned til 30 prosent tørrstoff på ein føremiddag?
Advokat i Norges Bondelag meiner at oreigningslova bør vere overordna, slik at bonden blir sikra full erstatning for tap dersom han blir pålagt sanering og driftsopphald.
Har du høg gjeld og driv i nullsona på Jæren, vil to år med rekordhøge jordbruksoppgjer bli ete opp av renteauken.
Lite visste Helge Bognøy, at traktorturen for tolv år sidan var starten på ein bygdetradisjon på garden til Astrid og Steinar Husdal.