6. april 2017 | Utgjevingar
Bondevennen 14/15
12. april
Årets påskenummer er klart for postkassane. Det er tid for lemming, og i vekas fagartikkel handlar det om akkurat dette. I reportasjen frå Strandadalen på Sunnmøre, treff me meir sau. Lillian Sylte driv bruket Øvste Gjerde, med om lag 100 vinterfôra sau. I Bjerkreim snuser mjølkebøndene på moglegheiter og løysningar på eigen gard, utan å auke mjølkekvoten. Kan ammeku vere ein del av løysninga? Me var tilstade på Felleskjøpet Rogaland Agder sitt årsmøte. Dei klatrar vidare oppover og slår alle tidlegare rekordar. Me får endeleg den etterlengta andre og siste del av årets påskekrim, Mord på bedehuset, ført i pennen av kriminalforfattar Inge Manfred Vorbasse.
God påske!
5. april 2017 | Aktuelt
Påstandane om landbruket som ein einaste utgiftspost har vore mange opp gjennom tidene. Med en eigen samfunnsrekneskap for 2016, gir Nortura desse påstandane tydeleg motsvar.
31. mars 2017 | Leiarar
Ungdomen er i ferd med å bli grønare, skal me tru nye tal frå Utdanningsdirektoratet. Trenden med aukande interesse for landbruksfag på vidaregåande skule held fram.
31. mars 2017 | Fagartiklar
I et internasjonalt perspektiv har vi i Norge hatt en svært vellykket landbrukspolitikk, både for bonden, forbrukeren og samfunnet.
29. mars 2017 | Fagartiklar
Kva alternativ har mjølkeprodusenten i ein situasjon der prisane på mjølkekvoter stadig aukar?
27. mars 2017 | Utgjevingar
Bondevennen 13
31. mars
Kristin Skranefjell Eikeland og Ivar Eikeland driv Bjelland Prestegård, på Bjelland i Marnardal på Vest-Agder. Seks år etter at dei tok over, er begge heiltidsbønder. Betre økonomi i drifta og meir tid som familie, skal kompensere for tapt inntekt. Hege Bjerkreim og Lars Torgny Ånestad driv gard med blant anna ammeku på Varhaug i Hå kommune, Rogaland. Dei ville gjere nytte av ein ubrukt tårnsilo. Ei kreativ løysning gav rom for ei auke i talet på mordyr, frå 30 til 45. Felleskjøpet Rogaland Agder åpna eitt av Nordens største landbrukssenter, i samanheng med årsmøta i Aust- og Vest-Agder vart det arrangert til diskusjon om framtida til landbruket i Agder og det var valstemning i lufta. Inge Manfred Vorbasse presenterer første del av påskekrimmen. Alt dette og mykje meir i vekas Bondevennen!
24. mars 2017 | Leiarar
NorgesGruppen vil selja egg berre frå frittgåande høner. Kor mange eggprodusentar maktar å halda tritt med stadige, trenddrivne omleggingar?
24. mars 2017 | Fagartiklar
Når startskuddet går kan sprinteren sette fart. Slik er det for bioøkonomien også. Startskuddet må gå før aktørene setter av gårde.