MOLDROK

Gje oss geitost

Foto: Bothild Å. Nordsletten

Det er ei skam at Tine ikkje forvaltar norsk geitemjølk betre.

Norsk jordbruk er i ein ganske merkeleg situasjon for tida. Ein situasjon kor ein samstundes slit med fallande sjølvforsyningsgrad og aukande overproduksjon i fleire av dei største husdyrproduksjonane. Overproduksjonen gjer det vanskeleg å køyre på med argumentet ”auka matproduksjon til eit auka folketal”. Samstundes vert det vanskelegare å slåss for auka budsjettmidlar di lågare sjølvforsyningsgrada vert.

Kanskje gjer vi, i staden for å jage på i same tralten, lurt i å ta eit steg attende og sjå det heile frå ein litt annan vinkel: Kva mat skal vi få frå norsk jordbruk? Bønder produserer råvarer. Råvarene vert levert til samvirke med mål om vidareforedling for å skape best mogleg råvarepris attende til bøndene, samt å unngå overproduksjon. Kva type produkt skal samvirka prioritere for å unngå overproduksjon? Tek samvirka vare på råvarene dei får frå bøndene på best mogleg måte? Internasjonal konkurranse er eit stadig aukande problem. Kva skal ein gjere for å få butikkar og forbrukarar til å prioritere norske framfor utanlandske produkt?

Ei av næringane som har slite med overproduksjon lenge er geitenæringa. Somme år har overskotet kome heilt opp i 25 prosent, (no skal det seiast at små volum gjev høge prosentar – målt i liter er overproduksjonen berre tre promille av produksjonen på kumjølk). Sjølv om talet på geitefjøs er under halvparten av kva det var i 1991, og talet på geiter 20 prosent færre, har mjølkemengda auka.
Lenge var norsk geitemjølk vanskeleg å foredle. Ein genfeil hjå geitene gav ustabil proteinkvalitet og mykje frie feittsyrer – rett og slett elendig ystemjølk. Geitebøndene tok grep: Gjennom saneringsprogrammet Friskere geiter vart dei ikkje berre kvitt tre smittsame og farlege sjukdommar, dei sette òg i gong ei genkartlegging og eit avlsprogram som tok sikte på å kvitte seg med genfeilen. Ei av årsakene til at geitebøndene tok jobben og kostnaden var lovnader frå Tine om at ny mjølk skulle gje nye produkt og ny satsing. Har Tine levert?

Nokre endringar har skjedd. ”Kvardagsgeitosten” Ekte hvit geitost vart lansert i 2014, og ser ut til å ha funne sin plass i marknaden. Men han monnar ikkje nok – framleis er det for mange geitekasein som ikkje finn marknaden sin i Noreg. To gonger i året – vår og haust – slepp Tine nye produkt til butikkane. Og medan det stadig dukkar opp nye variantar av yoghurt og biola, er det no lenge sidan vi har sett nye geiteprodukt. Har Tine gjeve opp?

Ikkje heilt – dei har handla i det skjulte. Den norske deltakarlista til prestisjekonkurransen World Cheese Awards i London i fjor haust bar på overraskingar. Konkurransen er nok mest kjend i Noreg fordi blåmuggosten Kraftkar, produsert ved gardsysteriet Tingvollost, gjekk heilt til topps i han i 2016.
Det året reiste Tingvollost aleine til tevling. Det gjorde dei ikkje året etter. Med på reisa hadde dei mellom anna Tine. Og kva hadde Tine i bagasjen? Jau, mellom anna ein vellagra, kvit geitost.

Ikkje eingong geitebønder visste at han eksisterte – men alle jubla likevel då han, som ein av tre norske ostar, kom heim med gullmedalje. Glimrande geitereklame. Perfekt start på ei nylansering ut mot den geiteinteresserte, stadig meir kvalitetsmedvitne, stadig større, norske osteforbrukarmarknaden. Berre å køyre på – reklamekampanjar med geiter i fjell og støl og bakkar og fjordarmar og ikkje berre «kanskje verdas beste mjølk”. Tenkjer no i alle fall eg.

Slik tenkjer ikkje den einaste mottakaren av geitemjølk i Noreg. I staden for å tilby gullmedaljevinnaren til daglegvarebutikkar, vel Tine å gøyme han vekk i storhushaldningsmarknaden. ”TINE Kvit Geitost Lagra selges via TINE Partner ut mot hotell, restauranter og kantine kunder. spesialitetssostene inngår det ofte mye manuelt håndverk i produksjon av disse og derfor er også antallet oster færre enn oster solgt i dagligvare som er rigget for volumprodukter” skriv Tine, utan stavekontroll, på Twitter.
Tine Partner er salskanalen ut mot storhushaldning. Han har 250 fylgjarar på Facebook. Tine har 104 000. Kan dette vere den beste måten å auke omsetnaden av verdsmeistermjølk på?

Tvitringa går langt i å overføre skulda til daglegvarekjedar som ikkje er rigga for å ta i mot kvalitetsost ysta i mindre kvanta. Det er liten tvil om at maktkonsentrasjonen i norsk daglegvare er ei vesentleg utfordring for norsk jordbruk. Men det er heller ikkje særleg tvil om at dei aller fleste kjedar – inkludert lågprisalternativ som Rema 1000 og Coop Xtra – har skjøna at dei ikkje kjem langt om dei ikkje inkluderer den stadig veksande kvalitetsmedvitne kundegruppa. Om ikkje Tine, med si dominerande mjølkevekt, klarar å få kvalitetsnasen innanfor denne døra, kven skal klare det då?

Dei siste to tiåra har ostemarknaden i Noreg vorte snudd – om ikkje på hovudet, så i det minste over på sida. Frå ein røyndom der Tine var dei einaste som produserte ost, har vi no ein organisasjon for småskalaystarar – Norsk Gardsost – med over 100 medlemsverksemder. I alle fylke i landet er det bønder som ystar – og får solgt ost. Direkte til vener og kjende, gjennom abonnementsordningar, på marknader, til spesialbutikkar og – jau då, i stadig større grad – til daglegvarebutikkar. Ein del av småskalaosten vert endå frakta til butikkane med Tine sine eigne bilar.
Dei små får det altså til. Kvifor klarer ikkje Tine det?

Kanskje manglar Tine fleksibiliteten. Å vere fleksibel er ein klassisk smådriftsfordel. Har dei vorte for store for sitt eige beste, mista gangsynet i alle mellomleiarar, salsorganisasjonar og utviklingsprosessar? Er det slik, er Tine knappast eit samvirke meir enn i namnet. Det er ikkje norsk geitenæring verdig.

Siri Helle
agronom, forfattar, skribent i Dag og Tid.
Har mellom anna gitt ut boka «Skal landet gro att? Korleis berge norsk jordbruk».