HØYR!

Alt i alt ein god sesong

4. september 2020

Foto: Privat.

Håpet er å få ei brukbar kornavling på kring 650 kilo per dekar.

Inger Anne Refsnes har hatt Yr som favoritt-nettside også denne sommaren. Nå er bonden i ferd med å hauste potetene og kornet. Høyet kom tørt i hus jonsok. 

Sjur Håland

– Vêret er avgjerande for det me held på med ute på jordene. I sommar har det vore bra, men slett ikkje utan utfordringar, seier ho.

Garden ligg på Re i Time kommune. Her driv ho saman med mannen, Endre Refsnes, med slaktegrisproduksjon, korn på 50 dekar, 40 dekar potet og dyrking av 90 dekar gras til høy.

– Juni vart ein svært varm månad, medan juli var både kald og nedbørsrik, summerer ho.

Refsnes seier at den kalde julimånaden bremsa veksten ein heil del.

– Men så kom august med meir sol og varme, så alt i alt har det vore ein grei sesong. Enga har klart seg fint gjennom sommaren.

– Me fekk mykje og godt bakketørka høy etter førsteslåtten i juni.

Refsnes seier at grasdyrkinga er ein viktig del av vekstskiftet på garden, sjølv om dei ikkje treng fôret sjølv. Andre slåtten på enga hausta dei sist i august.

– Korleis det blir å selja andre slåtten, får me sjå etter kvart. Bøndene i distriktet har jo fått gode grasavlingar i år, seier ho.

– Korleis har byggåkeren tålt sommaren?

– Det synte seg at den kalde og blaute juli-månaden ikkje var så god for åkeren. Me har hatt litt etterspiring med nokre grøne flekker å sjå innimellom. Åkeren ser likevel ikkje så aller verst ut, i følgje bonden.

– Nå er han klar for skurd, og om vêret blir lagleg, tresker me i løpet av få dagar. Håpet er å få ei brukbar kornavling på kring 650 kilo per dekar.

Halmen dei ikkje brukar sjølv til grisene, blir selt. Sesongen for potetproduksjon summerer Refsnes som veldig bra. På garden prøver dei ut Asterix på andre året, medan hovudproduksjonen er gode, gamle Kerrs Pink. Å svi riset med Reglone er ikkje lenger lov. Inger Anne og Endre har dermed investert i risknusar.

– Nå har me avslutta veksten i Asterix- feltet, men har alt teke opp litt med grønt ris. Me håpar å få opp desse potetene i løpet av dei komande dagane.

Pinken blir hausta litt seinare.

– Kundane liker store poteter. Me liker å la Pinken veksa eit godt stykke ut på hausten før me tar dei opp.

Ho pakkar alt sjølv, og sel delar av potetavlinga til kundar via utsalet på garden. Eit nytt kjøle- og ventilasjonslager i maskinhuset skal sørga for at potetene held seg enda lenger friske og frie for groar.

– Det blir spanande å følgja med på det nye lageret gjennom vinteren og våren, seier ho.