KRONIKK

Året då det meste vart annleis

7. mai 2020

Foto: Istock

 

Bjørn Lende,
bonde og lærar, Jæren.

 

2020 vil gå inn i historia, som det året då det meste var annleis. Dette gjeld også dei årlege jordbruksforhandlingane mellom staten og bondeorganisasjonane. Det vanlege er at organisasjonane, med stor mediadekning legg fram sitt krav, som er velgrunna i eit fyldig kravdokument. Dette byggjer på analyse av tidlegare resultat, og forventa framtidige inntekter og kostnader for dei som har innkome frå jordbruket. Desse grunnlagstala vert kvart år utarbeida av budsjettnemnda for landbruket, og inntektene i jordbruket vert uttrykt i begrepet «vederlag til arbeid og eigenkapital per årsverk inklusiv verdien av jordbruksfrådraget».

Referansebruka viser korleis inntekta er fordelt mellom ulike produksjonar, og i høve til storleik og kor i vårt langstrakte land bruket ligg. Når staten omlag ei veke seinare legg fram sitt tilbod, vert det i ettertid frå begge partar understreka at avstanden er stor, og at det vert vanskelege forhandlingar. Det blir likevel ofte inngått avtale, etter at staten under forhandlingane plussar på nokre hundre millionar.

I år er det gjennomført såkalla forenkla forhandlingar. Det har ikkje vore verken krav eller tilbod, og vi har heller ikkje fått inntrykk av at det har vore særleg harde forhandlingar. Leiaren i bondelaget gav uttrykk for at dette ikkje var året for inntektsløft eller innføring av nye verkemiddel, målet var å sikre stabilitet i matproduksjonen.

Så er heller ikkje resultatet av avtalen noko å jubla for. Kornbøndene vil neppe oppleva 12 øre i prisauke som eit løft, to prosent prisauke for frukt og grønt kan ikkje kallas ei satsing, og mjølkebøndene får for fyrste gong på mange år ingen auke i målpris. Det som viser best att er målpris på gris. Sjølv om det er noko mindre auke enn anbefalt, vil knapt halvanna krone per kg føra til ei etterlengta betring i økonomien for ei næring som i lengre tid har streva med overproduksjon og prispress.

Den krisa som landet og verda er i har ført til auka fokus på beredskap og matforsyning. Det har ikkje mangla på lovord om kor viktig landbruket er. Men bøndene kan ikkje betala rekningane sine med fagre ord. Dei treng pengar inn på konto. Statistikken viser ikkje uventa at intekta i 2019 gjekk ned med over 20.000,- kr per årsverk. På grunn av stor usikkerheit vart det ikkje laga prognose for 2020.

Det vi veit er at mjølkebøndene dette året får lågare mjølkepris, høgare omsetningsavgift og mindre etterbetaling. Sjølv om den varsla volumnedgangen er avlyst, er det ikkje til å unngå at dei fleste mjølkebønder vil få merkbart lågare inntekter i 2020. Nokre få tusen i auka tilskot kan ikkje forhindra det. For heile næringa vil prisauke på importerte innsatsfaktorar auka kostnadane vesentleg. På kraftfôr har dette alt fått effekt, og det vil etter kvart få store konsekvensar ikkje minst for dei som står føre større investertingar i maskinar og utstyr. Det er rett nok òg kostnader som går rette vegen. Lågare renter sparer næringa for fleire hundre millionar.

Det skal likevel mykje til at ikkje også dette vert eit år med nedgang i bondeinntekta. Med andre ord blir det mykje å ta att ved forhandlingane i 2021.

Ein kan spør seg kvifor landbruket må ta til takke med så lite. I eit år då staten deler ut fleire milliardar kvar månad i krisehjelp verkar 350 millionar ekstra til landbruket mest litt smålig. Det er lett å vær samd i at dette ikkje er året for dei store konfliktane. Mange har mista arbeidet, og fleire verksemder er truga av konkurs. I landbruket går det meste stort sett som normalt, med unntak av tilgangen på billig utanlandsk arbeidskraft. Så har me ikkje anna val enn å akseptera det, når leiarane i bondeorganisasjonane seier at det var dette dei greidde å oppnå.

Framleis gjeld det, at været er viktigare enn jordbruksavtalen. Når sola skin og graset gror skal det nok mykje til å ta motet frå oss bønder.