HØYR!

Årets avløysar: Eit takknemleg yrke!

6. november 2020

Foto: Privat

Me landbruksvikarar merkar at me blir sett pris på når me kjem.

Blant 60 nominerte avløysarar frå heile landet, var det i år 36-åringen Tage Nondal frå Hafslo som gjekk til topps og fekk heiderstittelen Årets avløysar i 2020.

Sjur Håland

– Du må få med at eg er takksam for alle som har vore med og stemt på meg, dette var verkeleg ei stor overrasking, seier Nondal til Bondevennen.

Han er oppvaksen utan tilknyting til gard i industribygda Høyanger, men tok likevel sin første avløysarjobb då han var 14 år ung. Arbeidet gav meirsmak. No har han hatt fast landbruksvikar-jobb sidan 2007, og er blant dei som rykker inn i fjøset og overtek den daglege drifta dersom bonden blir sjukmeldt.

– Og når det ikkje er sjukmeldte bønder, er det alltid nokre som har behov for ferie- og fritidsavløysing, seier han.

Å vera landbruksvikar er eit takknemleg yrke, seier Nondal.

– Eg får gjera arbeidet eg liker aller best, samstundes har eg ikkje det same ansvaret som bonden på bruket eg arbeider på til sjuande og sist har.

Landbruksvikaren møter bønder i alle livssituasjonar.

– Det kan vera akutte tilfelle og det kan vera bønder som har behov for hjelp over ein lengre periode. Me landbruksvikarar merkar at me blir sett pris på når me kjem.

Kjennskap til menneskesinnet er naudsynte eigenskapar for ein landbruksvikar. I tillegg må ein vera interessert i dyr og glad i kroppsarbeid, seier Nondal.

– Som landbruksvikar eller avløysar skal ein vera audmjuk og medviten på at når ein rykker inn på garden, går ein inn i livsverket til folk. Ein skal tåla å ta i mot ein beskjed, og ein skal ha sterk nok rygg til å gi ein beskjed dei få gongene det er naudsynt, seier han.

Erfaring er ein god ting, men hjelper ikkje alltid.

– I akutte tilfelle, der eg ikkje er kjent frå før og bonden ikkje er til stades, har eg i sjeldne tilfelle brukt den første halvtimen til å finne lysbrytaren.

Heimen er Hafslo i Luster kommune. I tillegg til Luster har han Sogndal kommune som sitt område. Det kan bli mykje reising og lange dagar. Samstundes skal familielivet ivaretakast. Tage og kona, Kathrine, har to små barn.

– Med ledig tid midt på dagen er det ofte slik at når kona kjem heim frå jobb, er middagen ferdig og ungane henta. Det blir mindre ettermiddagsstress enn kva andre opplever. Men i femtida er eg reist ut på jobb.

– Blir du pensjonist i yrket, eller har du planar om å prøva andre ting?

– He, he. Nei, så lenge bøndene held ut, skal eg gjera det same.

– Premien er eit reisegåvekort. Du treng kanskje avløysar for å nytta deg av dette?

– Ja, då treng eg ein landbruksvikarvikar, men det ordnar dei på kontoret for meg.