HØYR!

Åtvarar mot vindmølleavtalar

Produksjonen per vindmølle er alt for låg i forhold til miljøkostnaden dei påfører

– Vindturbinane kan føra til splittingar i bygdene, seier Sandnes-bonde Nils Ove Nordland.

Jane Brit Sande

Nils Ove Nordland, bonde på Noredalen i Sandnes kommune, får snart vindmølleparken på Vardafjell som næraste nabo. Nordland er sterkt imot vindkraftutbygging på sjø og land og har difor engasjert seg i motstandsrørsla, der blant andre Miljøvernforbundet og Den Norske Turistforening står i front.

– Vindturbinane kan føra til splittingar i bygdene. Min viktigaste bodskap er at ein må snakka med naboen, slik at ein står samla mot vindbaronane. Dei gjer det dei kan for å få vindparkar etablert før 2021. Då får dei skattefordelar fram til 2035 gjennom ordninga med «grønt sertifikat». Dei brukar alle triks. No står grunneigarar fram og angrar på avtalar dei har skrive under på, seier Nordland.

Bonden meiner utbygginga av vindkraft på land er ein tragedie, ikkje berre i Noreg.

– Produksjonen per vindmølle er alt for låg i forhold til miljøkostnaden dei påfører. Til dømes er det planlagt 1600 kolkraftverk for å produsera dei vindmøllene som er planlagt på verdsbasis. I tillegg er fuglar, reindrift og anna dyreliv truga av vindmøller i produksjon. Det heng ikkje i hop, seier han.

– Me må freda naturen og artane, slår han fast.

– Produksjonen av vindmøller og el-bilar er øydeleggande der dei blir produsert. Me reddar ikkje verda. Det er andre land som tek rekninga vår, seier Nordland.

Sandnes-bonden fryktar at mange grunneigarar ikkje er klar over rettane sine før ei eventuell ekspropriering for ei slik utbygging.

– Diverre er det grunneigarane som merkar presset frå utbyggarane. Dei er kjende for å koma med både falske midlar og trugslar om ekspropriering berre for at grunneigar skal gå med på ei frivillig avtale. Det er viktig å vite at ein har krav på fri rettshjelp, og det er motparten som skal betala for dette. Dette gjeld alle formar for utbygging, seier han.

– Me blir råka av både lyd og skyggekast, og naturen er øydelagt i all framtid, seier han.

Vindmølleparken på Vardafjell kjem berre 700 meter frå garden hans.

– I Tyskland er det strenge krav for avstand frå vindpark til bustadar. Avstanden skal vere minimum ti gonger høgda til turbinen. 150 meter høge vindmøller betyr minimum 1500 meter avstand. Med slike reglar ville ikkje utbygginga på Vardafjell blitt ein realitet. Det grelle paradokset oppi dette er at anlegga blir bygd for å eksportere kraft – blant anna til Tyskland, seier Nordland.

– Det er gitt ut 100 konsesjonar i heile landet. 27 av desse berre i Rogaland. Alt skal vere på land, seier Nordland.

– Dette vil ramma urørt, stille natur, for ikkje å nemne både tur- og beiteområde, åtvarar han.