HØYR!

Åtvarar mot vindturbinureining

28. januar 2022

Effektane av plastposeavgift og sugerøyrforbod blir ingenting i forhold til dette.

Store mengder giftig plastavfall frå vindturbinar når beitedyra og havnar i kroppen til menneske. Helseskadeleg forureining, hevdar Marit Brevik.

Sjur Håland

– Eg ropar eit varsku. Det vil ikkje overraska meg om forbrukarane etter kvart vil vita om maten er produsert i nærleiken av vindturbinar slik at dei kan velja desse produkta vekk.

Brevik bur på gard og er veterinær med base i Vikeså i Bjerkreim. I tillegg er ho for tida leiar i organisasjonen Motvind Sørvest. Føremålet deira er å dela informasjon om vindkraft, som Motvind meiner er både øydeleggjande og unødvendig.

– Når noko blir hausa opp som grønt og fantastisk, og store selskap dukkar opp, kan ein eigentleg lukte lunta. Her er det dei økonomiske interessene som rår. Det er ikkje særleg smart for det norske landbruket å ønskja seg vindturbinar i sine nærområde.

 Ho syner mellom anna til at vengene på dagens industrielle vindturbinar er mellom 50 til 90 meter lange. Vekta på ei av dei tre turbinvengene er frå 13 tonn og oppover. Desse sviv med ein fart opp mot 300 kilometer i timen målt ytst på vengetuppane. Forskingsrapportar synar stor slitasje på desse turbinvengene, seier Brevik og viser til den norske rapporten «Forurensing fra vindturbinvinger», som mellom anna er basert på data frå University of Strathclyde i Skottland.

– Rapportane fortel at utsleppa frå eit vindkraftanlegg på 20 turbinar kan reknast til å vera 1.200 kilo i året. Effektane av plastposeavgift og sugerøyrforbod blir ingenting i forhold til dette.

I følgje Brevik meiner vindkraftselskapa at ureininga ikkje utgjer meir enn 50 gram årleg frå kvar turbinvenge.

– Samstundes registrerer me at desse selskapa brukar store ressursar på å finna løysingar på vengeslitasjen og vedlikehald. Dette heng ikkje i hop.

I malinga på turbinvengene brukast stoff som inneheld Bisfenol A, ei miljøgift som er sterkt underkommunisert når det gjeld effektane, meiner ho. Når turbinane sviv for fullt, særleg i regnvêr, blir det stor slitasje på malinga. Små fragment blir slått av vengene. Når skaden først oppstår, akselererer avskalinga.

– Avfallet fell ned på bakken kor dei direkte eller gjennom planter hamnar i magen til beitedyr som igjen er mat for menneske. Dei som ikkje bryr seg om natur eller dyr, bryr seg i det minste om seg sjølv, seier ho.

– Forsking synar at desse plaststoffa skader foster, reduserer sædkvaliteten og forplantningsevna. Også nervesystemet – rett og slett evna til å tenke fornuftig – kan ta skade.

Brevik peikar på utnytting av jordvarme som eit alternativ til vindkraft.

– Så er moglegheitene også store innan energieffektivisering. Motvind har peika på gode alternativ kor me ikkje treng ein einaste vindturbin.